«Saint of Me»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Bridges to Babylon
B-side

«Anyway You Look at It»

Utgjeve 26. januar 1998
Innspelt Mars til juli 1997
Sjanger Rock
Lengd 4:11, 5:15 (albumutgåve)
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Dust Brothers & The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Anybody Seen My Baby?»
(1997)
«Saint of Me» «Out of Control»
(1998)


«Saint of Me» er ein song av Rolling Stones på albumet Bridges to Babylon frå 1997. Songen vart gjeven ut på singel i 1998. Mick Jagger syng om forskjellige folk gjennom historia som har konvertert til kristendomen, mellom andre Paulus og St. Augustin. Jagger fortel så at dei aldri vil gjere han til ein helgen.

Innspeling endre

Songen har Jagger på vokal, akustisk gitar og keyboard, Waddy Wachtel og Ron Wood på elektrisk gitar (Keith Richards er ikkje med), Me'Shell Ndegéocello og Pierre de Beauport på bass og seksstrengs bass og Billy Preston på orgel.

Utgjeving endre

«Saint of Me» vart gjeven ut på singel og nådde 26. plassen i Storbritannia og 94. plass i USA. Eit opptak frå Bridges to Babylon-turneen finst på konsertalbumet No Security.

B-sida «Anyway You Look at It» er ein ballade.

Innhald endre

  1. «Saint Of Me» (Radio Edit) - 4:11
  2. «Anyway You Look at It» - 4:30
  3. «Gimme Shelter» (live) - 6:54
  4. «Saint Of Me» (Deep Dish Grunge Garage Dub) 7:25

Salslister endre

Liste (1998) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[1] 34
Tyskland (Media Control AG)[2] 68
Nederland (Mega Single Top 100)[3] 52
UK Singles (Official Charts Company)[4] 26
US Billboard Hot 100[5] 94

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre