Billy Preston
William Everett Preston (2. september 1946–6. juni 2006) var ein USA-amerikansk musikar innan R&B, rock, soul, funk og gospel. Preston var ein av dei mest etterspurte studiomusikarane på klaverinstrument i 1960-åra og spelte på den tida med artistar som Little Richard, Sam Cooke, Ray Charles og The Beatles. Han vart så kjend som soloartist med popsinglane «That's the Way God Planned It», «Outa-Space», «Will It Go Round in Circles», «Space Race» og «Nothing from Nothing». I tillegg var Preston med å skrive «You Are So Beautiful», som vart ein stor hit for Joe Cocker. Stephen Stills bad Preston om han kunne bruke uttrykket hans «if you can't be with the one you love, love the one you're with» og skapte ein hit song av det.[1]
Billy Preston | |||
Preston visiting the White House in 1974 | |||
Fødd | 2. september 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Houston i Texas | ||
Død | 6. juni 2006 (59 år) | ||
Dødsstad | Scottsdale i Arizona | ||
Fødenamn | William Everett Preston | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1956–2005 | ||
Sjanger | R&B, rock, soul, funk, gospel | ||
Instrument | Vokal, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Little Richard, Syreeta, Sam Cooke, The Beatles, Sly & the Family Stone, King Curtis, The Rolling Stones, Ray Charles, George Harrison, Ringo Starr & His All-Starr Band, Eric Clapton | ||
Plateselskap | Derby, Vee-Jay, Capitol, Apple, Buddah, A&M, Motown | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Preston var den einaste musikaren som er omtalt på ei Beatles-plate andre enn dei fire gruppemedlemmane. Han spelte på hitten «Get Back» som er tilskriven «The Beatles with Billy Preston». Preston fortsette å spele med andre artistar, som George Harrison etter Beatles vart oppløyst, og Eric Clapton, og han spelte klaverinstrument for The Rolling Stones på mange av albuma og turneane deira i 1970-åra.
Miles Davis-albumet Get Up with It (1974) har ein song kalla «Billy Preston» til ære for han.
Diskografi
endreStudioalbum
endreGospelalbum
endre- 1965: Hymns Speak from the Organ (Exodus Records, EX-53)
- 1973: Gospel in My Soul (nyutgjeving av Hymns Speak from the Organ)
- 1978: Behold! (Myrrh Records, MYR-1070)
- 1980: Universal Love
- 1994: Ministry of Music (D&K Records, D&K 86003)
- 1996: Words and Music
- 2001: Music from My Heart
Som studiomusikar
endre- 1963: Night Beat (Sam Cooke)
- 1969: «Get Back» og «Don't Let Me Down» (The Beatles)
- 1969: Abbey Road (The Beatles)
- 1970: Let It Be (The Beatles)
- 1970: All Things Must Pass (George Harrison)
- 1970: John Lennon/Plastic Ono Band (John Lennon) – piano på «God»
- 1971: Sticky Fingers (The Rolling Stones)
- 1971: The Concert for Bangladesh (George Harrison and Friends)
- 1971: There's a Riot Goin' On (Sly and the Family Stone)
- 1971: Live at Fillmore West (King Curtis og Aretha Franklin)
- 1971: Barbra Joan Streisand – klaverinstrument og trommer
- 1972: Exile on Main St. (The Rolling Stones)
- 1972: Wind of Change (Peter Frampton) – piano, klaverinstrument, cembalo, trekkspel
- 1973: Ringo (Ringo Starr) – Orgel på «I'm the Greatest» og «Oh My My»
- 1973: Goats Head Soup (The Rolling Stones)
- 1974: Dark Horse (George Harrison) – elektrisk piano
- 1974: Goodnight Vienna (Ringo Starr) – clavinet på tittelsporet, elektrisk piano på «Only You (And You Alone)»
- 1974: It's Only Rock 'n Roll (The Rolling Stones)
- 1975: «You Are So Beautiful» (Joe Cocker)
- 1975: Extra Texture (Read All About It) (George Harrison) – elektrisk piano på «His Name Is Legs (Ladies And Gentlemen)»
- 1976: Thirty Three & 1/3 (George Harrison)
- 1976: No Reason to Cry (Eric Clapton)
- 1976: Black and Blue (Rolling Stones)
- 1976: Love You Live (Rolling Stones)
- 1978: Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band – rolla som «Sgt. Pepper» i filmen
- 1981: Tattoo You (Rolling Stones)
- 1982: Gone Troppo (George Harrison)
- 1985: «Till My Baby Comes Home» (Luther Vandross) – orgel
- 1986: «Great Gosh A'Mighty (Been a Long Time Comin')» – skriven i lag med Little Richard – frå filmen Down and Out in Beverly Hills (sungen av Little Richard)
- 1990: Ringo Starr and His All-Starr Band – klaverinstrument og vokal
- 1990: Giovani Jovanotti (Jovanotti) – klaverinstrument og Fender Rhodes
- 1990: «Show Me Your Soul» - Red Hot Chili Peppers
- 1991: ...E La Vita Continua (Nino D'Angelo)
- 1993: Wandering Spirit (Mick Jagger) – «Sweet Thing», «Out of Focus», «Use Me», «Wandering Spirit» og «I've Been Lonely for So Long».
- 1996: Voyage of Dreams – Jephté Guillaume and the Tet Kale Orkestra – orgel, strykarar på «Al Di Yo», «Go Tell Them», «Kanpe», «Get Up»
- 1996: Donnie McClurkin (Donnie McClurkin) – orgel
- 1996: Love Brought Me Back (Helen Baylor) – orgel
- 1996: El Equilibiro de los Jaguares (Jaguares) – orgel /Hammond B3 på «Detrás de los Cerros»
- 1996: Peace Beyond Passion (Me'shell Ndegeocello) – klaverinstrument på «Deuteronomy: Niggerman»
- 1997: Bridges to Babylon (The Rolling Stones) – orgel på «Saint of Me»
- 1998: Undiscovered Soul (Richie Sambora)
- 2000: The Harsh Light of Day (Fastball) – klaverinstrument på «You're An Ocean»
- 2001: Songs from the West Coast (Elton John) – Hammondorgel på «I Want Love», «The Wasteland», «Love Her Like Me»
- 2001: Everybody Got Their Something (Nikka Costa) – Clavinet
- 2001: Reptile (Eric Clapton)
- 2001: One More Car, One More Rider (Eric Clapton, live) – DVD
- 2002: Travelogue (Joni Mitchell) – Hammond B3 på songen «You Dream Flat Tires»
- 2002: American IV: The Man Comes Around (Johnny Cash) – piano på «Tear Stained Letter» og «Personal Jesus»
- 2003: The Colored Section (Donnie) – Hammond B3 på «The Colored Section»[2]
- 2003: Concert for George – inkludert «Isn't It a Pity» og «My Sweet Lord»
- 2003: Get Born (Jet)
- 2004: Me and Mr. Johnson (Eric Clapton) –
- 2004: Crossroads Guitar Festival (Eric Clapton)
- 2004: Genius Loves Company (Ray Charles)
- 2005: 12 Songs (Neil Diamond)
- 2005: Back Home (Eric Clapton)
- 2005: Choose Love (Ringo Starr)
- 2005: The Concert for Bangladesh (George Harrison and Friends)
- 2005: Tough on Crime (Rebecca Pidgeon) – klaverinstrument
- 2006: Stadium Arcadium (Red Hot Chili Peppers) – «Warlocks»
- 2006: The Road to Escondido (Eric Clapton]], J.J. Cale)
- 2006: Overnight Sensational (Sam Moore) - Hammond B3 på «I Can't Stand the Rain» og syng og spelar på «You Are So Beautiful»
- 2007: Reach (Is'real Benton) – orgel på «Have a Good Time»
- 2007: Imagine (Howard Hewett) – orgel
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Billy Preston» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Song Stories: Love The One You're With». Rolling Stone. Henta 21. juli 2017.
- ↑ [1]