Saksedyr
Saksedyr (Dermaptera) er ein orden insekt som er lette å kjenna att på dei harde saksetrådene dei har på bakkroppen. Gruppa omfattar noko over 1 200 beskrivne artar som finst i heile verda, med flest artar i tropane.
Saksedyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Orden: | Saksedyr Dermaptera De Geer, 1773 |
Kjenneteikn
endreSaksedyr er små til mellomstore insekt med cerci omdanna til store sklerotiserte «saksar». Desse er oftast størst hjå hannen. Dei har bitemunn og middels lange, trådforma antenner. Bakvengjene halvsirkelforma og membranøse, og vert falda saman sirleg under dei læraktige stumpane som er dei reduserte forvengjene. Somme artar er heilt vengjelause, medan andre er særs dyktige flygarar.
Ulike artar varierer i storleik. Dei minste vert ikkje stort større enn 7 millimeter, medan dei største kan bli så mykje som 5 centimeter.
Levesett
endreSaksedyra er vanlege, men ikkje spesielt godt kjende. Dei fleste framstår som nattaktive altetarar som både et levande og daudt bytte. Halesaksa vert nytta i jakta, i tillegg til i forsvar mot predatorar, som del av paringsleiken og til å reinska kroppen for avfallsstoff.
Dei har ufullstendig forvandling og yngelpleie - hoa passar på egg og dei første nymfestadia.
Systematikk
endreOrdenen vert delt inn i 10 familiar i tre underordenar. Grupper utan norske artar er markert med asterisk (*):
Orden Saksedyr - Dermaptera
- Underorden Hemimerina*
- Familie Hemimeridae*
- Underorden Arixeniina *
- Familie Arixeniidae *
- Underorden Forficulina
- Overfamilie Pygidicranoidea *
- Familie Pygidicranidae *
- Familie Diplatyidae *
- Overfamilie Anisolabidoidea *
- Familie Anisolabididae *
- Familie Labiduridae* (her finst det ein dansk art)
- Overfamilie Apachyoidea *
- Familie Apachyidae *
- Overfamilie Pygidicranoidea *
Overfamilie Forficuloidea
- Familie Dvergsaksedyr Labiidae
- Familie Chelisochidae *
- Familie Breifotsaksedyr - Forficulidae
Kjelder
endre- Brusca & Brusca: Invertebrates Associates 2002
- Norges Insekter
Bakgrunnsstoff
endre- (no) saksedyr hos Artsdatabanken
- (en) saksedyr – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) saksedyr i Encyclopedia of Life
- (en) saksedyr i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) saksedyr hos Dyntaxa
- (en) saksedyr hos Fauna Europaea
- (en) saksedyr hos Fossilworks
- (en) saksedyr hos ITIS
- (en) saksedyr hos NCBI
- (en) Kategori:Dermaptera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Dermaptera – detaljert informasjon på Wikispecies