Saksofonisten Tommy Smith
Thomas William Ellis Smith OBE (fødd 27. april 1967) er ein skotsk jazz-saksofonist, komponist og pedagog.
Tommy Smith | |||
| |||
Fødd | 27. april 1967 (57 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1981– | ||
Sjanger | jazz, rhythm and blues | ||
Instrument | saksofon, tenorsaksofon | ||
Plateselskap | Blue Note | ||
Verka som | jazzmusikar, komponist, universitetslærar, saksofonist, orkesterleiar | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Bakgrunn
endreSmith blei fødd i Edinburgh i Skottland som son av Brenda Ann Urquhart og William John Ellis, som han aldri møtte. Han voks opp i Wester Hailes-området i byen. Stefaren hans George Smith, som var ein ivrig jazzfan og trommeslager i Gene Krupa-stilen, oppmuntra han til å byrja spela tenorsaksofon i tolvårsalderen.[1] Då han var tretten år deltok han på ei jazzworkshop kvar veke under leiing av Gordon Cruikshank. Han møtte patologen og pianisten Vincenzo Crucioli, som blei ein mentor for han. Med trommeslagaren John Rae vann den fyrste gruppa hans Best Group-prisen ved Edinburgh International Jazz Festival i 1981. Då Smith var fjorten vann han «Best Soloist». Han tilskreiv mykje av den tidlege suksessen sin til opplæringa frå Vincenzo Crucioli. I lag med klarinettisten Jim O'Malley og pianisten Jean Allison frå Wester Hailes Education Centre opptredde Smith snart rundtom i Edinburgh og Skottland i ein kvartett som også omfatta John Rae. I 1983, då han var seksten, spela han opp sitt første album Giant Strides, i ein trio med Rae og Alan Taylor.[2] Same året spelte han inn det andre albumet sitt, Taking Off, og vann eit stipend, med hjelp frå eit innsamlingsprogram organisert av musikklæraren hans Jean Allison, for å gå på Berklee College of Music i Boston i Massachusetts.[3] I Berklee skipa han bandet Forward Motion i lag med den norske bassisten Terje Gewelt, den kanadiske trommeslageren Ian Froman og den ungarske pianisten Laszlo Gardony.[2] Bandet spelte inn to album, Progressions og The Berklee Tapes (1985).
Seinare karriere
endreMed ei anbefaling frå Chick Corea blei Smith med i gruppa til vice president ved Berklee, Gary Burton, med bassisten Steve Swallow, pianisten Makoto Ozone og trommeslagaren Adam Nussbaum. Gruppa turnerte verda rundt og spelte inn albumet Whiz Kids for ECM.[4]
I 1989, då han var tjuefem år gamal, skreiv Smith kontrakt med Blue Note Records, som gav ut albumet hans Step by Step. Burton produserte albumet med eit band som bestod av John Scofield (gitar), Eddie Gómez (bass) og Jack DeJohnette (trommer). Deretter følgde tre album på Blue Note: Peeping Tom (1990), Standards (1991) og Paris (1992). I denne perioden var Smith vert for fleire BBC-tv-produksjonar med tittelen Jazz Types, der han spelte med gjester som Tommy Flanagan, Gary Burton, Chick Corea, Bobby Watson, Arild Andersen, Hue and Cry og BBC Scottish Symphony Orchestra.[2] Smith spelte inn og turneerte med Hue and Cry, ein duo med brørne Pat og Greg Kane, med den amerikansk vibisten Joe Locke, perkusjonisten Trilok Gurtu og Arild Andersen. Smith utforska òg klassisk komposisjon, nokom som leidde til den fyrste saksofonkonserten hans, Unirsi in Matrimonio, og ein suite for saksofon og strenger, Un Ecossais a Paris.
I 1993 skreiv Smith kontrakt med det skotske plateselskapet Linn Records. Her gav han ut albuma Reminiscence (1993), Misty Minning and No Time (1994), Azure (1995, med Jon Christensen, Lars Danielsson og Kenny Wheeler) og Beasts of Scotland (1996). Gymnopedie: The Classical Side of Tommy Smith (1998) blei spelt inn i lag med den klassiske pianisten Murray McLachlan. Denne plata inneheld musikk av Satie, Bartok, Grieg og Chick Corea, og Smith sine sonatar nr. 1 "Hall of Mirrors" og nr. 2 "Dreaming With Open Eyes", som er basert på boka av Michael Tucker med same tittel. Smith vende tilbake til jazz og New York året etter, då han spelten inn sitt siste album for Linn, Blue Smith, med John Scofield og den faste rytmeseksjonen sin, bassisten James Genus og trommeslagaren Clarence Penn.
Scottish National Jazz Orchestra
endreI 1995 grunnla Smith Scottish National Jazz Orchestra, som har presentert program av repertoarklassikarar og meir samtidige verk, ofte tinga spesielt.
Klassisk musikk
endreI 1989 framførte Smith An Rathad ùr, ein konsert for saksofon av William Sweeney, med BBC Scottish Symphony Orchestra for TV-serien Jazz Types, som Smith òg var vert for. Etter oppfordring frå Roger Pollen frå Scottish Ensemble studerte han i orkestrering for strenger i seks månadar. Som musikar i Blue Note Records hadde Smith tilgang til den klassiske katalogen til EMI. Han forska på orkestreringstekstar av Samuel Adler, Rimskij-Korsakov og Cecil Forsyth, og haddeto produktive år i Paris der han studerte klassisk musikk. Han skreiv den første klassiske komponisjon, Unirsi in Matrimonio, for saksofon og strenger i 1990.[5] Dette blei følgt av eit anna verk for strenger og saksofon, Un Ecossais A Paris i 1991, og han samarbeidde med den klassiske pianisten Murray McLachlan om Sonata No.1 - Hall of Mirrors og Sonata No. 2 Dreaming with Open Eyes, begge for saksofon og piano.
Dei sju neste åra nytta han til å førebu eit mykje større orkesterverk, saksofonkonserten Hiroshima (1998). Denne blei uroppført med Orchestra of St. John Smith's Square i Chelmsford Cathedral, og omfatta strenger, blåseinstrument, perkusjon, piano og saksofon. Smith var solosaksofonist i Sally Beamish sitt verk The Knotgrass Elegy, som var bestilt til BBC Proms i 2001, og opptredde med BBC Symphony Orchestra i Royal Albert Hall i London.[6] I 2002 framførte Smith Children's Songs for saksofon og orkester med Scottish Ensemble i St John's Kirk i Perth.[7] Andre klassiske verk har omfatta ei stor tinging til Edinburgh Youth Orchestra sitt 40-årsjubileum i 2003. Ein suite med tittelen Edinburgh blei skriven til høvet med saksofon, bass, trommer og eit symfoniorkester med hundre musikarar. Verket turnerte gjennom Skotland, Estland, Russland og Finland
Diskografi
endreSom leiar
endre- 1983 i (GFM)
- 1983 Taking Off (Head)
- 1984 The Berklee Tapes Forward Motion (Hep)
- 1985 Progressions Forward Motion (Hep)
- 1988 Step by step med John Scofield, Jack DeJohnette, Eddie Gomez og Mitchell Forman (Blue Note)
- 1990 Peeping Tom (Blue Note)
- 1991 Standards (Blue Note)
- 1992 Paris (Blue Note)
- 1993 Reminiscence med Forward Motion (Linn)
- 1994 Misty Morning and No Time (Linn)
- 1995 Azure med Kenny Wheeler, Lars Danielsson, Jon Christensen (Linn)
- 1996 Beasts of Scotland (Linn)
- 1997 The Sound of Love med Kenny Barron (Linn)
- 1999 Blue Smith med John Scofield (Linn)
- 1999 Gymnopedié med Murray McLachlan (Linn)
- 2000 Spartacus med Kenny Barron (Spartacus)
- 2001 Into Silence (Spartacus)
- 2001 The Christmas Concert (Spartacus)
- 2002 Alone At Last (Spartacus)
- 2002 Bezique med Brian Kellock (Spartacus)
- 2003 Evolution med (John Scofield), (Joe Lovano), (John Taylor), (John Patitucci), (Bill Stewart) (Spartacus)
- 2004 Symbiosis med Brian Kellock (Spartacus)
- 2005 Forbidden Fruit (Spartacus)
- 2011 Karma (Spartacus)
- 2014 Whispering of the Stars med Brian Kellock (Spartacus)
- 2016 Modern Jacobite med BBCSSO (Spartacus)
- 2017 Embodying the Light (Spartacus)
Med Scottish National Jazz Orchestra
- 2002 Miles Ahead (Spartacus)
- 2009 Rhapsody in Blue Live (Spartacus)
- 2010 Torah (Spartacus)
- 2012 Celebration med Arild Andersen (ECM)
- 2013 In the Spirit of Duke (Spartacus)
- 2014 American Adventure med Mike Stern (Spartacus)
- 2015 Jeunehomme med Makoto Ozone (Spartacus)
- 2018 Sweet Sister Suite med Laura Jurd (Spartacus)
- 2018 Peter & the Wolf (Spartacus)
Med Tommy Smith Youth Jazz Orchestra
- 2008 Exploration (Spartacus)
- 2011 Emergence (Spartacus)
- 2017 Effervescence (Spartacus)
Med Arild Andersen og Paolo Vinaccia
- 2008 Live at Belleville (ECM)
- 2014 Mira (ECM)
- 2018 In-House Science (ECM)
Kjelder
endre- ↑ «Review quotes of Beast of Scotland». Henta 3. september 2012.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Who's Who of Jazz (First utg.). Guinness Publishing. s. 372. ISBN 0-85112-580-8.
- ↑ Small, Mark L. «"Tommy Smith – Scotland's Hardest-Working Jazzman" article in Berklee journal». Henta 3 September 2012.
- ↑ Kart, Larry (10 December 1985). «Great Vibes From Burton Get Boost From The Side». Chicago Tribune. Henta 3 September 2012.
- ↑ «Classical: Review». Glasgow Herald.
- ↑ «Classical: Review». The Guardian.
- ↑ «Classical: Review».
- Denne artikkelen bygger på «Tommy Smith (saxophonist)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2024.