Kenneth Vincent John Wheeler, OC (14. januar 193018. september 2014) var ein kanadisk komponist, trompetist og flygelhornspelar, som budde i Storbritannia frå 1950-åra.[1][2][3][4]

Kenny Wheeler

Kenny Wheeler i 2007
Fødd14. januar 1930(1930-01-14)
FødestadToronto i Canada
Død18. september 2014 (84 år)
DødsstadLondon i England
FødenamnKenneth Vincent John Wheeler
OpphavCanada
Aktiv1950–2014
SjangerJazz, avantgarde jazz, kammerjazz
InstrumentTrompet, flygelhorn
Tilknytte artistarJohn Dankworth, Evan Parker, John Taylor, Azimuth, Anthony Braxton, Dave Holland, Globe Unity Orchestra, Berlin Contemporary Jazz Orchestra
PlateselskapECM, Fontana, FMP, Soul Note, PSI, CAM Jazz
Verka somMusikar
Prisaroffiser av Order of Canada

Han spelte hovudsakleg jazz, men var òg aktiv innan fri improvisasjon og bidrog stundom på innspelingar med rock. Wheeler skreiv over hundre komposisjonar og var ein dugande arrangør for både små grupper og store ensemble.

Seint i 1950-åra var han medlem av kvintetten til Buddy Featherstonhaugh i lag med Bobby Wellins. Gjennom 1960-åra arbeidde han med John Dankworth, og var ein del av storbandet til Eric Burdon og The Animals som spelte ein enkelt gong på National Jazz and Blues Festival i Richmond (1965). I 1968 spelte Wheeler på debutalbumet til gitaristen Terry Smith, Fall Out.

Wheeler spelte òg inn sine eigne komposisjonar med store jazzensemble gjennom karrieren. Det første kom ut i 1969 som Windmill Tilter, spelt inn med John Dankworth band.

I midten av 1960-åra spelte Wheeler ofte innan den gryande rørsla for fri improvisasjon i London, og spelte med Parker, John Stevens, Spontaneous Music Ensemble og Globe Unity Orchestra. Sidan spelte han mykje med mindre jazzgrupper, og spelte mellom anna inn Gnu High (1975) og Deer Wan (1977).

Wheeler var trompetist i Anthony Braxton Quartet frå 1971 til 1976. Han var òg medlem av kammerjazztrioen Azimuth med John Taylor og Norma Winstone frå 1977 til 2000.

Diskografi

endre

Som leiar eller medleiar

endre

Samarbeid med John Taylor

endre

Som Azimuth

endre

Andre samarbeid

endre

Som sidemann

endre

Med Tommy Smith

Med John Abercrombie

Med Rabih Abou-Khalil

Med George Adams

Med Pepper Adams

Med the Berlin Contemporary Jazz Orchestra

  • Berlin Contemporary Jazz Orchestra (dirigert av Alexander von Schlippenbach) (ECM, 1990)

Med Jane Ira Bloom

Med Anthony Braxton

Med Jakob Bro

  • 2011: Bro/Knak (Loveland)

Med Bill Bruford

Med Rainer Brüninghaus

Med Steve Coleman

Med Collective Consciousness Society

Med Graham Collier

Med Paolino Dalla Porta

  • Tales (Soul Note, 1993)

Med John Dankworth Med Pierre Favre

Med Claudio Fasoil

  • Welcome (Soul Note, 1987)
  • Guest (Soul Note, 1994)
  • Ten Tributes (1995)

Med Bill Frisell

Med Globe Unity Orchestra

  • Globe Unity 67 & 70 (Atavistic, 2001), 1970 recording only
  • Live in Wuppertal (FMP, 1973)
  • Hamburg '74 with the NDR Chor (FMP, 1979)
  • Evidence Vol. 1 (FMP, 1976; reissued on Rumbling, 1991)
  • Into the Valley Vol. 2 (FMP, 1976; reissued on Rumbling, 1991)
  • FMP S 6...Plus (FMP, digital download, 2012)
  • Jahrmarkt/Local Fair (Po Torch, 1977)
  • Improvisations (JAPO/ECM, 1977)
  • Compositions (JAPO/ECM, 1979)
  • Intergalactic Blow (JAPO, 1983)
  • 20th Anniversary (recorded 1986, FMP, 1993)
  • 40 Years (Intakt, 2007)

Med Paul Gonsalves

Med Dave Holland Quintet

Med Philly Joe Jones

Med Chris Kase

  • A Song We Once Knew (Satchmo Jazz, 2000)

Med Andy Middleton

  • Reinventing the World (2003)

Med Joni Mitchell

Med Louis Moholo-Moholo

Med Enrico Pieranunzi

  • As Never Before (2008)

Med Wadada Leo Smith

Med Thomas Stabenow

  • What’s New (2010)

Med David Sylvian

Med John Surman

  • John Surman (Deram, 1969)

Med Ralph Towner

Ernst Vranckx

  • A Child’s Blessing (1998)

Med Fabio Zeppetella

  • Moving Lines (1995)

Kjelder

endre
  1. Steve Huey. «Kenny Wheeler | Biography». AllMusic. Henta 31. desember 2020. 
  2. «Psi musicians». Emanemdisc.com. Henta 31. desember 2020. 
  3. «ECM 1691». Ecm-records.com. Henta 31. desember 2020. 
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. august 2012. Henta 8. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kenny Wheeler