Salah ad Din guvernement

Saladin eller Salah ad Din guvernement (arabisk صلاح الدين‎, romanisert Ṣalāḥ ad-Dīn) er eit guvernement i Irak, nord for Bagdad. Guvernementet har eit areal på 24 363 km². I 2003 hadde provinsen like over éin million innbyggjarar. Det administrative senteret er Tikrit, men Samarra, som òg ligg i guvernementet er ein langt større by. I 1976 vart guvernement ein del av Bagdad guvernement.

Saladin guvernement
صلاح الدين
guvernement
Land  Irak
Guvernør Raed al-Jabouri
Koordinatar 34°27′N 43°35′E / 34.450°N 43.583°E / 34.450; 43.583
Hovudstad Tikrit
Areal 26 000 km²
Folketal 1 337 786 (2009)[1]
Kart
Salah ad Din guvernement
34°27′00″N 43°35′00″E / 34.45°N 43.583333333333°E / 34.45; 43.583333333333
Kart som viser Salah ad Din guvernement.
Kart som viser Salah ad Din guvernement.
Kart som viser Salah ad Din guvernement.
Wikimedia Commons: Saladin Governorate

Provinsen er kalla opp etter Saladin (skriven Salah ad-Din med moderne latinsk transkripsjon av arabisk), ein muslimsk leiar som slo krossfararane ved Hattin, og som kom frå provinsen. Salah ad Din var heimstaden til Saddam Hussein. Han var fødd i Al-Awja, ein by nær Tikrit.

Oversyn

endre
 
Malwiya minaret ved Den store moskeen i Samarra.

Fleire viktige religiøse og kulturelle stader ligg i Saladin guvernement. I Samarra, den største byen i guvernementet, ligg både Al-Askari-heilagdomen (ein viktig religiøs stad i sjiaislam der sjiaimamar frå 800- og 900-talet er gravlagd), Sardab, der imamen al-Mahdi frå 1100-talet gøymde seg, og Den store moskeen i Samarra med den særeigne minareten sin Malwiya. Samarra var òg hovudstaden til abbasidane på 800-talet, og i dag er Abbasid Samarra ein verdsarvstad. Den nyassyriske oldtidsbyen Assur ligg i Al-Shirqat-distriktet ved breidda av Tigris. Andre stader i guvernementet er Krossfarardomen (القبة الصلبية) nord for Samarra og Al-`Ashaq-palasset (قصر العاشق).

Sjølvstyre

endre

I oktober 2011 erklærte styret i Saladin guvernement seg sjølv som ein delvis sjølvstyrt region i Irak. Guvernementet forklarte at erklæringa var eit svar til den irakiske regjeringa sin «dominans over provinsstyresmaktene».[2] Saladin, som hovudsakleg vert styrt av sunniar, har òg håpa på at ved å erklære seg sjølv som sjølvstyrt region i Irak, så ville dei få meir økonomisk støtte frå staten.[2]

Distrikt

endre
 
Distrikt i Salah ad Din.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/Iraq-Cities.html.
  2. 2,0 2,1 Hammoudi, Laith. «Saddam's home province declares regional autonomy in Iraq». McClatchy Newspapers. Henta 6. november 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Salah ad Din guvernement