Vinskvetten

(Omdirigert frå Salhusvinskvetten)

Vinskvetten (tidlegare Salhusvinskvetten) er ei revy- og musikkgruppe som vart stifta under ein lokal revy (Nornarevyen (Salhus Revy og Teater) ) i Salhus i 1975. Då var gruppa ein parodiSalhuskvintetten. I mange av tekstane på strilamål tek gruppa utgangspunkt i livet i Salhus, med ferjekai og tekstil-industri (Salhus Trikotasjefabrikk). Gruppa spela inn eit fjernsynsprogram i 1983, som fekk tittelen «Livet i Råthôlo». Gruppa har gjeve ut fleire musikkalbum, tre av desse er prisløna med gullplate.

Vinskvetten under ei framsyning i Stavanger i 2006

Opphavleg var det fulle namnet på gruppa «Salhusvinskvetten Vodka Cinzano» som spela på det fulle namnet til «Salhuskvintetten Olkabilamo» - eit kjent og kjært namn frå Ønskekonserten på NRK. Dei har òg spela inn ein song i same stil, kalla «Å!! Før ei suppa» der teksten handlar om ei makelaus suppe som blei servert av Gunn på ferja mellom Sævråsvåg og Duesund.

Ein av dei mest kjende songane til Vinskvetten er «Ferjebillettøren». I songen nyttar Peder den makta han har fått tildelt då han seier «Ikkje kjør inn på ferjå før eg sei kjør inn på ferjå. Kjør inn på ferjå. Kom an kom an!»

Andre songar som gruppa er godt kjend for er «Dans på Grasdal», «Tannlegen vår», «Sokkane», «Kronesautomaten» og «Data-Dagros».

Med i Vinskvetten endre

I starten var det mykje utskifting, men desse har vore med frå 1986:

  • Bjørn Jensen, gitar og vokal
  • Gunnar Låstad, bass og vokal
  • Arild Totland, trommer og vokal
  • Jarle Farestveit, trekkspel og vokal
  • Øyvind Østerbø, gitar og vokal
  • Gunnar Polden, lys- og lydteknikar

Utgjevingar endre

  • 1988: Platå, seld i 25000 eks. Gullplate
  • 1991: På Helså Laus, seld i 25 212 eks. Gullplate
  • 1994: På Nye Eventyr
  • 1997: Rånnyen og Kveitebollen, seld i 32 402 eks. Gullplate
  • 2000: Dei beste (samleplate)
  • 2002: Du Sa Det Va Forbi Bi Bi...
  • 2005: Stapp-Mett
  • 2019: Dei fem UimotSlåelige

Bakgrunnsstoff endre