Sally Pearson
Sally Pearson, til 2010 Sally McLellan, (fødd 19. september 1986) er ein australsk tidlegare friidrettstutøvar frå Sydney som spesialiserte seg på korthekken. Ho vart verdsmeister på 100 meter hekk i 2011, olympisk meister 2012 og versdmeister 2017 i same øvinga. Dessutan vann ho OL-sølv i 2008 og VM-sølv i 2013.
Sally Pearson | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 19. september 1986 (38 år) Sydney |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006 |
Utmerkingar | Årets friidrettsutøver i verden, Order of Australias medalje |
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM i 2003 i Paris: Utslått i forsøka på 4 x 100 m stafett
- VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 100 m hekk
- OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 100 m hekk – 12,64, bakom Dawn Harper (12,54)
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 100 m hekk – 12,70
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,28, framom Danielle Carruthers (12,47)
- OL 2012 i London: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,35, framom Dawn Harper (12,37)
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 100 m hekk – 12,50, bakom Brianna Rollins (12,44)
- VM 2017 i London: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,59, framom Dawn Harper (12,63)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sally Pearson» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
Denne idrettsartikkelen som har med Australia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.