Samanslutninga av søraustasiatiske statar

Samanslutninga av søraustasiatiske statar (ASEAN: Association of Southeast Asian Nations) er ein internasjonal organisasjon med dei fleste landa i Søraust-Asia som medlemmar. ASEAN har som føremål å styrka den økonomiske, sosiale, og kulturelle utviklinga i regionen. Hovudkontoret ligg i Jakarta i Indonesia.

Samanslutninga av søraustasiatiske statar
Skipa8. august 1967
HovudkontorSouth Jakarta
VerkeområdeSøraust-Asia, Aust-Asia, Sør-Asia
Medlemmer20
Nettstadhttps://asean.org Sjå dette på Wikidata
Kart over landa som er med i organisasjonen.

Organisasjonen vart skipa 8. august 1967 i Bangkok av Indonesia, Malaysia, Filippinane, Singapore og Thailand.

Brunei vart medlem i 1984, Vietnam i 1995, Laos og Myanmar i 1997 og Kambodsja i 1999.

Alle medlemslanda har underskrive SEANWFZ-avtalen, som slår fast at Søraust-Asia skal vera fri for kjernevåpen. Avtalen vart verksam i 1997.

Medlemsland

endre
År Land
1967   Filippinane
1967   Indonesia
1967   Malaysia
1967   Singapore
1967   Thailand
1984   Brunei
1995   Vietnam
1997   Laos
1997   Myanmar
1999   Kambodsja

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.