Opna hovudmenyen

Samanslutninga av søraustasiatiske statar

(Omdirigert frå Samansluttinga av søraustasiatiske statar)
Association of Southeast Asian Nations (orthographic projection).svg

Samanslutninga av søraustasiatiske statar (engelsk Association of Southeast Asian Nations, forkorta ASEAN) er ein internasjonal organisasjon med dei fleste landa i Søraust-Asia som medlemmar. ASEAN har som føremål å styrka den økonomiske, sosiale, og kulturelle utviklinga i regionen. Hovudkontoret ligg i Jakarta i Indonesia.

Organisasjonen vart skipa 8. august 1967 i Bangkok av Indonesia, Malaysia, Filippinane, Singapore og Thailand.

Brunei vart medlem i 1984, Vietnam i 1995, Laos og Myanmar i 1997 og Kambodsja i 1999.

Alle medlemslanda har underskrive SEANWFZ-avtalen, som slår fast at Søraust-Asia skal vera fri for kjernevåpen. Avtalen vart verksam i 1997.

MedlemslandEndra

År Land
1967   Filippinane
1967   Indonesia
1967   Malaysia
1967   Singapore
1967   Thailand
1984   Brunei
1995   Vietnam
1997   Laos
1997   Myanmar
1999   Kambodsja

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra