Samefolkets parti
norsk politisk parti
(Omdirigert frå Samefolkets Parti)
Samefolkets parti, samisk Sámeálbmot bellodat, er eit samisk politisk parti i Noreg. Partiet stiller til val i Sametingsvalet, Fylkestingsvalet og i 2001 og 2005 også til Stortingsvalet.
Samefolkets parti | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Birger Nymo | ||
Grunnlagt | 15. oktober 1999 | ||
Hovudkvarter | Karasjok kommune | ||
Partiavis | nei | ||
Internasjonal tilknyting | ingen | ||
Kommunestyre- representantar | 11 (2007) | ||
Fylkestings- representantar | 1 (2007) |
Partiet har partilag i Alta, Nesseby, Tana, Karasjok, Kautokeino, Oslo, Porsanger/Nordkapp og på Vestlandet. Til stortingsval har partiet berre stilt liste i Finnmark.
Partiet er representert på Sametinget med Ann-Elise Finbog, Márjá-Liissá Partapuoli og Jovna Vars Smuk. Dei to sistnemnde vart vald frå ei fellesliste med Norske Samers Riksforbund.
Klemet Erland Hætta har tidlegare vore ordførar i Kautokeino kommune for partiet.
Ved stortingsvala i 2001 og 2005 stilte Samefolkets parti til val og oppnådde desse resultata i Finnmark:
Bakgrunnsstoff
endre Denne samfunnsartikkelen som har med samar å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.