Samiske kulturminne i Noreg
Samiske kulturminne i Norge omfatter alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet til landet som har tilknyting til samar. Slike spor kan vere bygningar, bustader, fangstanlegg, skyteskjul og kjøtgøyme, naust og sjøbu, gravplassar, offerplassar og gjerde.[1] Etter kulturminnelova er alle samiske kulturminne som er frå 1917 eller tidlegare automatisk freda. For yngre kulturminne må det bli fatta vedtak om freding.[2] Også immaterielle minne, som stadnamn, segnstadar, heilage stader og møteplassar, høyrer inn under omgrepet kulturminne.[2]
Sidan 2001 har Sametinget vore forvaltingsmyndigheit for samiske kulturminne i heile Norge.[1] Samiske kulturminne er også eitt av ti bevaringsprogram til Riksantikvaren, som har som hovudmål å registrere alle samiske bygningar som er automatisk freda, og utarbeide ein plan for sikring og istandsetjing av desse.[3] I 2012 blei det starta eit omfattande registreringsarbeid.[4] Målet var at alle dei automatisk freda samiske bygningane og tilstanden deira skulle vere kartlagde innan 2017, og det også skulle føreliggje ein plan for sikring, vedlikehald og istandsetjing.[5]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Sametinget – Kulturminner Arkivert 20. oktober 2013 på Wayback Machine.
- ↑ 2,0 2,1 Miljølære – Samiske kulturminner og landskap
- ↑ Riksantikvaren – Samiske kulturminner Arkivert 21. september 2013 på Wayback Machine.
- ↑ «Nå starter registreringen av samiske kulturminner», NRK, 22. juni 2012.
- ↑ «Framtid med fotfeste», kap. 4: «Gjenstående utfordringer for å nå 2020-målene og politiske grep i kulturminnearbeidet i årene som kommer». Melding til Stortinget fra Miljøverndepartementet, 26. april 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Samiske kulturminner i Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2024.