Samiske område i Noreg

Samiske område i Noreg omfattar minst seks ulike rettslege definisjonar. Ut over dette finst det stader i Sør-Noreg med dokumentert samisk busetnad eller bruk.[1]

Samar som urfolk i heile Noreg endre

Det samiske folket har eit særskilt rettsvern gjennom ein eigen paragraf i Grunnlova.[2] Her er det ikkje gjort noko geografisk avgrensing, det tyder i utgangspunktet at samar har lik rett til å «tryggje og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt»[2] uansett kor dei bur i Noreg.

Det samiske språkområdet endre

Forvaltingsområdet for samisk språk[a] blir regulert ut frå forskrift.[3] Frå 1. juli 2020 omfatta området dei tretten kommunane Hattfjelldal, Hamarøy, Karasjok, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Nesseby, Porsanger, Røros, Røyrvik, Snåsa, Tana og Tjeldsund. I tillegg vedtok Bodø kommune vedtatt i bystyret 9. desember 2021 å søka innlemming i forvaltingsområdet.[4] Samisk språkforvaltingsområde er område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlige organ i kommunane er forplikta til å legga tilrette for bruk av samisk språk.

Dei som bruker samisk språk i kontakt med eit offentleg organ i forvaltingsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk.

Den norske kyrkja skal i forvaltingsområdet gje individuelle kyrkjelege tenester på samisk.

Finnmarkseigedommen endre

17. juni 2005 kom Finnmarkslova,[5] som legg grunnlaget for forvaltninga av grunn og naturressursar i fylket. I Finnmark er Statsskog sine område overdradd til Finnmarkseigedommen. I styret der er Finnmark fylkeskommune og Sametinget representert med 3 medlemmer kvar.

Det finst ei todeling av fylket og eigedommen, ut frå §10 i lova:

Dersom et forslag om endret bruk av utmark som enten bare gjelder Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana kommuner eller bare gjelder resten av Finnmark, får tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer, kan tre styremedlemmer samlet kreve at saken behandles en gang til. Ved denne behandlingen deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Finnmark fylkesting dersom saken gjelder endret bruk av utmark i Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger eller Tana kommuner. Gjelder saken endret bruk av utmark i resten av Finnmark, deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Sametinget som ikke representerer reindriften. Saken avgjøres med alminnelig flertall. Dersom det blir besluttet endret bruk av utmark med tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer og hele mindretallet begrunner sitt standpunkt i hensynet til samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv vurdert på bakgrunn av Sametingets retningslinjer, kan et samlet mindretall i løpet av styremøtet kreve at saken forelegges for Sametinget. Annet ledd tredje og fjerde punktum gjelder tilsvarende.

§ 28 og 28a avklarer at Tana og Neiden er område som har eigne lokale føresegner.

Hålogalandsalmenningen er foreslått oppretta av Samerettsutvalet 2 for statseigedommane i Troms og Nordland.[6] I tillegg kjem områda frå Hedmark til Trøndelag som også er vurderte av dette utvalet.

Det samiske verkemiddelområdet endre

Det statlege Samisk Utviklingsfond (SUF) frå 1975, kom under Sametinget frå 1989. I 2009 blei SUF erstatta av Sametinget sine tilskotsordningar til næringsutvikling (STN). STN har eit geografisk virkeområde vedtatt i Sametinget sine årlege budsjett.
Dette området er stadig utvida og omfattar i dag 18 kommunar og 13 delar av kommunar.[7]
(Lista under viser stort sett gamle kommunenummer, dette fordi nummereringa for Troms og Finnmark blir endra igjen frå 1.1.2024.)

I Finnmark:

2011 Kautokeino, heile kommunen
2012 Alta, desse grunnkrinsane:
0101 Stjernøy
0102 Seiland
0103 Lille Lerresfjord
0104 Store Lerresfjord
0105 Komagfjord
0106 Korsfjord
0107 Nyvoll
0108 Storekorsnes
0110 Kongshus
0201 Isnestoften
0202 Tappeluft/Riverbukt
0203 Langfjordbotn
0204 Talvik
0205 Vasbotnelv
2014 Loppa, heile kommunen
5406 Hammerfest, denne delen :
2017 Kvalsund, den gamle kommunen
2018 Måsøy, desse grunnkrinsane:
0119 Snefjorden
0120 Litlefjord
0121 Slåtten
0122 Gunnarnes
0123 Tufjord
0124 Ingøy
2019 Nordkapp, desse grunnkrinsane:
0113 Vestersida-Botnområdet
0114 Nordvågnesområdet
0115 Kjelvik-Helnesområdet
0117 Skuotanjargga
0118 Mannskarvik-Repvåg
0119 Sværholthalvøya
0200 Gjesvær
0201 Gjesvær
0202 Knivskjellodden
0203 Tufjorden
0204 Magerøystua
0205 Finnvik
0206 Vannfjordnæringen Bygda Sarnes
2020 Porsanger, heile kommunen
2021 Karasjok, heile kommunen
2022 Lebesby, desse grunnkrinsane:
0103 Dyfjord
0104 Kifjord/Normanset/Mårøyfjord
0105 Torskefjord/Bekkarfjord
0106 Lebesby
0107 Ifjord
0108 Friarfjord/Adamsfjord
0109 Laksefjordbotn/Kunes
0110 Veidnesklubben/Godviknes
0111 Vadasbaksæibos
0112 Gappatvarri
0113 Eretoaivit
0114 Vuonjalrassa
2023 Gamvik, heile kommunen
2025 Tana, heile kommunen
2027 Nesseby, heile kommunen
2030 Sør-Varanger, desse grunnkrinsane:
0101 Bugøynes
0102 Bugøyfjord
0103 Spurvnes/Skogerøya
0104 Neiden
0402 Jakobsnes
0403 Ropelv
0404 Jarfjord
0405 Grense Jakobselv
0503 Svanvik
0504 Melkefoss/Skrotnes
0505 Øvre Pasvik

I Troms:

1902 Tromsø, desse grunnkrinsane:
3301 Jøvik
3302 Olderbakken
3303 Lakselvbukt
3304 Lakselvdalen
3305 Sjøvassbotn
3306 Stordal
3307 Sjursnes
3308 Reiervik
3309 Breivika
3310 Ullsfjordmoane
5412 Tjeldsund, denne delen :
1913 Skånland, den gamle kommunen
1919 Gratangen, heile kommunen
1920 Lavangen, heile kommunen
1923 Salangen, heile kommunen
1925 Sørreisa, desse grunnkrinsane:
0101 Gumpedal
0102 Øvre Bakkejord
0103 Skøelvdal
0104 Smørsgård
0201 Storlia/Rabbås
0207 Reinelv
0208 Andsvatn
1933 Balsfjord, heile kommunen
1936 Karlsøy, heile kommunen
1938 Lyngen, heile kommunen
1939 Storfjord, heile kommunen
1940 Kåfjord, heile kommunen
1941 Skjervøy, heile kommunen
1942 Nordreisa, heile kommunen
1943 Kvænangen, heile kommunen
1805 Narvik, desse grunnkrinsane:
0102 Herjangen
0109 Vassdal
0110 Elvegården
0111 Kvandal
1849 Hamarøy, desse grunnkrinsane:
0116 Innhavet
0117 Veggfjell
0118 Sagvatnan
0119 Grensefjellene
1875 Hamarøy, denne delen:
1850 Tysfjord, den gamle kommunen
1853 Evenes, desse grunnkrinsane:
0109 Evenesmark
0110 Myrnes
0111 Osmark
0114 Lenvik/Lenvikmark
0117 Veggen

Attåt dette kjem området forvalta av Fjordfiskenemnda, som skal styrke fjordfiskeria med særleg vekt på samisk bruk. Nemnda blei oppretta etter innstillinga frå Kystfiskeutvalet.[8] Verkeområdet er fylka Finnmark, Troms og Nordland, men regulerer særleg dei såkalte «fjordlinjene» i forskrifta om sjøfiske.[9]

Det samiske reinbeiteområdet (sidaer) endre

I reindriftslova § 4 første ledd heiter det: «Den samiske befolkningen har på grunnlag av alders tids bruk rett til å utøve reindrift innenfor de delene av fylkene Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark hvor reindriftssamene fra gammelt av har utøvet reindrift (det samiske reinbeiteområdet).» (Vår utheving.)[10]

Valkrinsar til Sametingsvalet, sør tilogmed det sørsamiske området endre

Til Sametinget er det valkrinsar i heile landet. Den interessante grensa går mellom krins 6 og 7, sidan den første blir kalt den sørsamiske valkrinsen:

Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Nord- og Sør-Trøndelag fylke, Sunndal, Surnadal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.

Andre område med dokumentert samisk busetnad eller bruk endre

 
Segner og skriftlege kjelder endre

- ca. 500 e.Kr.

Boka Fundinn Noregr inneheld ei segn om jotnen Svade frå Dovre, og sonen hans Rolf, som blir kalla konge av Svaðabu, ein stad på Ringsaker.[11] Ein jotunkonge er no ofte tolka til å vera ein samisk høvding:

Ok eftir þat ferr Nórr til Upplanda ok kom þar, sem nú heitir Heiðmörk. Þar réð sá konungr fyrir, er hét Hrólfr ór Bjargi. Hann var sonr Svaða jötuns norðan af Dofrum.

Forteljinga er mytisk, men etter slektsopprekninga skal dette ha skjedd omlag år 500.

- ca. 850

I Soga om Halvdan Svarte står det at kongen hadde gjestebod på Hadeland og då all maten og drikka plutseleg forsvann, sende han bod etter ein trollkyndig same som skulle hjelpa han med å finna forklaringa.[12]

Det heiter også i ulike segner at Halvdan let sonen sin Harald fostra opp hos jotunkongen Dovre, på Dovre.[13]

I Soga om Harald Hårfagre heiter det at kongen møtte samen Svåse og dotra Snøfrid på Tofte i Dovre, då han heldt julegjestebod der. Svåse hadde fått lov av kongen til å setja opp ein gamme attmed kongsgarden.

- ca. 873

I Soga om vatsdølane står det at Ingemund Torsteinsson, ein herse på garden Romsdal «i det nordlege Noreg» heldt eit gjestebod der ei trollkyndig finnekone spådde framtida hans:[14] «Þar var komin Finna ein fjölkunnig.»[15] Dette er tidfest til vinteren etter slaget i Hafrsfjord (ca. år 872). Han ba sommaren etter til seg tre finnekarar for å finna ut om spådommen til finnekona var riktig. Desse finnane kalte seg sjølv for «semsveinar» og «kom nordfrå»: «Hann sendir eftir Finnum og komu norðan þrír.» «Þeir svara: 'Semsveinum er það forsending að fara en fyrir þína áskorun viljum vér prófa.'» Romsdal blir i denne samanheng utelukkande tolka som det som no heiter Romsdal, sjølv om det altså står "Hann bjó á þeim bæ er í Raumsdal heitir. Það er norðarlega í Noregi." Uttrykksmåten peikar mest truleg på at dette var rekna som "nord i Nordvegen", dvs nord på Vestlandet. Ei anna tolking er at dette faktisk var rekna som den nordlege delen av det norske området, også på den tida då soga blei nedskriven, i andre halvdel av 1200-talet.

Samar på Hadeland er nemnt ein stad til, i Ågrip heiter det om eine sonen til Harald Hårfagre, «Rognvald Rykkjel, som sume kallar Ragnar. Han var son åt ei finngjente som kallast Snjofrid, dotter åt Svåse finnkonge, og han ættast på mor si; han var seidmann, sagde folk, det er spåmann. Han var bufast på Hadeland og seida der og vart kalla Skratte.»[16]

- ca. 1000

Både Eidsivatingslova og Borgartingslova slår fast at ein ikkje har lov å venda seg til samar for spådommar eller trollkunstar. I Frostatingslova er det nemnt ei folkegruppe rekstegn, som fleire historikarar meiner kan vera samar.[17] [4] . Dei bevarte manuskripta er frå 1200-talet, men lovene kan vera minst 200 år eldre.

I Hurdal i Akershus fins det segner om finnar, som i dette området helst blir assosiert med finske innvandrarar frå omlag 1600. I Hurdal inneheld segnene minne om at finnane budde i gammer, derfor handlar det nok her mest truleg om samar frå eldre tid.[18]

I Eventyr og segner : folkeminne frå Romsdal heiter det at finnar gjorde slutt på ormen i marka i Eikesdalen og i Tresfjord.[19] Det finst også ei segn som fortel at det har vore finnar som har budd oppe på Finnset og ved Aursjøen.

Arkeologiske funn og lause gjenstandar endre

- ca. 900 f.Kr.

Fangstmarksgravenes grense mot nord er også svært interessant (se figur 74). Både på svensk og norsk side strekker denne gravskikken seg helt opp til det lulesamiske området. Gravskikken går altså like langt nord som det sørsamiske bosettingsområdet strekker seg i nyere tid. En mulighet er altså at fangstmarksgravene representerer en sørsamisk gravskikk. Dersom dette er riktig har sørsamene hatt et langt større utbredelsesområde mot syd enn de har i dag.[20]

I eit gravfelt i Vuludalen i Sør-Fron finn vi ei av dei eldste daterte fangstmarkgravene, frå 900 f.Kr. Ei gravrøys på fjellet Krøkla aust for Kvam i Gudbrandsdalen er datert til høgmellomalder. Den sene dateringa og funn av never gjorde at arkeologen Arne Skjølsvold i 1980 tolka denne fangstmarkgrava som ei muleg samisk grav med neversvøp.
Desse særeigne gravfunna gir eit konkret grunnlag for å hevda at sørsamane i lang tid har budd over store delar av Søraust-Noreg.

På Rødsmoen og i Gråfjellet i Åmot kommune, i Finndalen i Rendalen og ved Kongsvinger har arkeologar oppdaga låge terrassar, små åkrar frå eldre jernalder - mykje eldre enn gardane i dei gode jordbruksområda lenger nede i dalen. Jostein Bergstøl meiner det var fangstfolk i Østerdalen, samar, som dreiv jordbruk her i liten skala.[21]

- ca. 600 e.Kr.

Tufter i Hallingdal: Hol, Ål og Flå, tidfesta til år 600-1400. Det er oppdaga tufter i Vestre Slidre i Valdres, og kjente funn på Vang i Valdres.[22]

Funna av samiske buplassar ved Aursjøen mellom Lesja i Oppland og Nesset i Møre og Romsdal i 2006, er tidfesta til år 700-900 (sjå avsnittet om segner).

Stadnamn og dialekt endre

Gardsnamn med namneleddet «Finn-» peikar i mange tilfelle på samisk busetnad, utanom dei sentrale austlandsområda, der det var mange finske gardar opp mot vår tid. Magnus Olsen (kommentarar i Norske Gaardenavne) meiner det er muleg at også nokre vestnorske namn på «Sam-» viser til eit folkeslag. Dette kan ha vore samar.

En Del af Bygden (den nordlige Del paa Østsiden) kaldtes i gamle Dage: Samlandaherad DN. IV 436, 1390 620, 1431. 651, 1443 Samnalandzhærad DN. XII 40, 1316 Samlahærad DN. I 472, 1417 Samblandeherad DN. IV 647 l442. Jfr. GN. 5. *Samnalandaherað, senere Samlandaherað, sms. med herað n., Herred, hvorom se ovenfor S. 17. 1ste Led er Navnet paa den aabenbart ældste Gaard i Bygden, *Samnalandir (GN. 5), senere sammendraget til Samlandir. Dette indeholder efter O. R. (NE. S. 206 f.) et Elvenavn Samn-, det samme, som han finder i Samdal (Samnadalr), Fane GN. 67, beslægtet med Sognenavnet Samnangr og det dermed lokalt sammenhængende Ønavn Samnøy, GN. 11. 12 i Fuse. Imidlertid har det vist sig vanskeligt at paavise Oprindelsen til en Elvenavnstamme Samn-, der som 1ste Led skulde optræde i en Genitivform Samnar-, ikke Samna-. Betænkelighederne ved at antage et saadant Elvenavn øges ved det bemærkelsesværdige Forhold, at Navneledet Samn- ikke forekommer uden paa de nævnte 3 Steder, altsaa indenfor et forholdsvis begrændset Omraade i Midthordland og nærliggende Strøg af Ytre Hardanger. Derimod synes alle Vanskeligheder at løses, om man antager, at Samna- er Gen. Flt. af Navnet paa en Folkestamme, som har boet i Samnanger, i Osdalens øverste Del (Samdal), der kan være bebygget fra Samnanger, samt i de til Samnanger grændsende Strøg af Hardanger (Vikør og Samlandaherað nordligst i Jondal). Man opnaar derved ogsaa, at Samnangr, som opr. er Fjordnavn, bliver at forklare i Lighed med Navnet paa Nabofjorden Harðangr (sms. med Folkenavnet Hǫrðar), af et Folkenavn og et Ord for "Fjord" (angr). Efter denne Opfatning maa man antage, at Sam(na)land(ir) opr. har været Bygdenavn, men dernæst er blevet brugt om Bygdens ældste og betydeligste Gaard.

Magnus Olsen set her namna Samnanger og Hardanger i ein historisk samanheng som kan tidfesta dei til kring folkevandringstid, dvs 400-600 e.Kr. Det stemmer også med namneleddet "land" som er vanleg å tidfesta til same tida eller litt yngre.[23]

Ola Stemshaug var språkvitskapleg sakkyndig for Samerettsutvalget. Stemshaug drøfter etnonymet «same», men konkluderer med at han ikkje finn det ordet som namneledd verken i kartmateriale eller namnearkiv.[24]

Stadnamn og dialektord på Nordmøre og i Romsdal viser spor etter samisk busetnad og aktivitet.[25]

Det finst også eit gardsbruk Bufinnsrud i Valdres, som er nemnt i brev frå 1300-talet, det viser at det fans bufaste samar der då. No heiter staden Buffinsåker.

Reindrift i sør endre

Forsøk med ny samisk reindrift[26] i Sør-Noreg[27] frå omlag 1800,[28] rekna nordfrå: Tafjord (Valldal), Skjåk, Eidfjord, Rødberg (Uvdal), Røldal, Vinje, Tinn, Valle og Hylestad.

Merknadar endre

Kjelder endre

  1. Berg-Nordlie, Mikkel (11. november 2019). «Finnmǫrk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 «Kongeriket Noregs grunnlov, § 108.», lovdata.no (Lovdata), henta 20. oktober 2023 
  3. «Forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk - Lovdata», lovdata.no, henta 6. februar 2022 
  4. Nergård, Naima Khan (9. desember 2021). «Første by i Norge likestiller samisk og norsk». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. mars 2022. 
  5. «Lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 3. desember 2019 
  6. politidepartementet, Justis-og (3. desember 2007), «NOU 2007: 13», Regjeringen.no (på norsk), henta 3. desember 2019 
  7. «Virkeområdet for tilskudd til næringsutvikling (STN-området) - Sametinget», sametinget.no, henta 4. mai 2023 
  8. innstillinga frå Kystfiskeutvalet
  9. forskrifta om sjøfiske. Avgrensinga fins på kart hos ArcGIS.
  10. Kart her.
  11. Fundinn Noregr ved heimskringla.no
  12. Soga um Halvdan Svarte ved heimskringla.no
  13. [1] [2][daud lenkje] [3]
  14. «Saga : fire norrøne sagaer - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 27. august 2020 
  15. «Vatnsdæla saga - Icelandic Saga Database». Icelandic Saga Database (på engelsk). 
  16. «Ågrip – heimskringla.no», heimskringla.no, henta 27. august 2020 
  17. «Finnmark Forlag», finnmarkforlag.no, henta 27. august 2020 
  18. Vibe, Johan (1897). «Topografisk-historisk-statistisk beskrivelse over Akershus amt». Kristiania: Olaf Norli: 98–106. 
  19. «Nasjonalbiblioteket», beta.nb.no, henta 27. august 2020 
  20. Samer i Østerdalen?, PDF
  21. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. august 2016, henta 26. juni 2017 
  22. Samer sør for midnattssola
  23. -land ved lokalhistoriewiki.no
  24. politidepartementet, Justis-og (3. desember 2007), «NOU 2007: 14», Regjeringen.no (på norsk), henta 27. august 2020 
  25. https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Fil:Finn-namn_-_Nordmoer,_Soer-Fosen.png https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Samisk_historie_på_Nordmøre_og_i_Sør-Fosen
  26. Gaute Elvesæter Helland; Jan Stokstad (2005), «Tamreinlaga i Sør-Noreg: Ressursutnytting, driftsformer, rettigheitsforhold og utfordringar», Rangifter Report 
  27. http://www.historieboka.no/Modules/historiebok_tidsepoke_tema_artikkel.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1868&Category.ID=1161
  28. «Arkeologi i nord: Samer sør for Hardangervidda», Arkeologi i nord, 12. februar 2006, henta 27. august 2020