Samisk språkforvaltingsområde

Samisk språkforvaltingsområde, eller forvaltingsområdet for samisk språk eit område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlege organ i kommunane pliktar å leggje tilrette for bruk av samisk språk. Dei som brukar samisk språk når dei kontaktar eit offentleg organ innan forvaltningsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk. Den norske kyrkja skal innanfor forvaltingsområdet yte individuelle kyrkjelege tenester på samisk. Kongen fastset kva for norske kommunar som skal inngå i det samiske språkforvaltingsområdet.[1]

Tolv kommunar er med i det samiske språkforvaltningsområdet[2]: Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Hamarøy, Snåsa, Røyrvik[3], Hattfjelldal[4] og Røros[5] kommunar.

KjelderEndra