Samuel Georg Simeon Wennberg (3. oktober 183619. oktober 1908) var ein norsk handelsmann, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Trondheim.

Samuel Wennberg
Fødd3. oktober 1836
Trondheim
Død19. oktober 1908 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv

Wennberg var son til ein lærar, og var sjølv elev ved Trondhjems latinskole. Tida 1860-79 var han handelsmann i Lyngen, deretter lensmann i Balsfjord frå 1879. Både i Lyngen og i Balsfjord var han gardbrukar òg. Han var ordførar i Lyngen i 16 år, seinare var han forlikskommissær i Balsfjord.

Wennberg representerte Tromsø amtStortinget frå 1877 til -85. Han var 1877-78 medlem av næringskomite nr 2, 1879 av næringskomite nr 1, 1880-82 av tollkomiteen, 1882 av traktatkomiteen, 1883-85 av valkomiteen. Denne siste stortingsperioden, 1883-85, var han også sekretær i tollkomiteen. Han var medlem av Lagtinget frå 1880 til 1885. I 1883-84 var han medlem av riksretten som dømde i saka mot Selmer-ministeriet. Han slutta seg til Stortingets Venstreforening då denne vart skipa i 1883.

Wennberg døydde i Balsfjord i 1908.

Kjelder endre