Balsfjord kommune
- «Balsfjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Balsfjorden.
Balsfjord kommune (nordsamisk Báhccavuona suohkan, kvensk og finsk Paatsivuonon komuuni) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke.
Balsfjord kommune | |||
kommune | |||
Utsyn mot Balsfjord kyrkje
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Storsteinnes | ||
Areal | 1 496 km² | ||
- land | 1 443 km² | ||
- vatn | 53 km² | ||
Folketal | 5 517 (1. januar 2023) | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Laila Johannessen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5422 | ||
![]() Balsfjord kommune | |||
Wikimedia Commons: Balsfjord | |||
Nettstad: www.balsfjord.kommune.no | |||
Geografi og natur endre
Kommunegrenser endre
Balsfjord grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Senja kommune.
Kommunen ligg på begge sidene av Balsfjorden, og det meste av Malangshalvøya høyrer til kommunen. I søraust strekker kommunen seg nesten til svenskegrensa.
Kommunereguleringar endre
Balsfjord kommune blei oppretta i 1860, då han blei skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggarar. I 1871 blei Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 blei eit område med 7 innbyggarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 blei eit område med 5 innbyggarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 blei Malangen slått saman med Balsfjord igjen, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggarar, blei samtidig overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område blei òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 blei også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune.
Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.
Fjordar, fjell og dalar endre
Fjordar endre
Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gir gode forhold for jordbruk.
Vatn endre
Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatnet, Josefvatnet, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatnet (nordsamisk Dávkajávri) og Fjellfrøsvatnet (nordsamisk Geatkejávri).
Fjell og dalar endre
Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nord for dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan (nordsamisk Ittugáddi) der den 1505 meter høge Piggtinden står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen (nordsamisk Dápmotvuovdi) omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.
Dei høgaste fjella i Balsfjord er:
- Vassdalsfjellet, 1587 moh.[1]
- Rostafjellet (nordsamisk Skoŋggagáisi) på grensa mot Målselv, 1559 moh.[2]
- Litje Russetinden, 1527 moh.[3][4]
Busetting endre
Folketalsutvikling endre
Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:
1910[5] | 1.12.1920[6] | 1.12.1930[7] | 3.12.1946[7] | 1.1.1951[8][9] | 1.1.1961[8][9] | 1.1.1971[8] | 1.1.1981[8] | 1.1.1991[8] | 1.1.2001[8] | 1.1.2010[8] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5106a | 5430a | 6105a | 7419a | 7485a | 7275a | 6734 | 6973 | 6319 | 5742 | 5515 |
a Dette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei blei overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det blei overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som blei overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggarar.
Grender, gardar endre
Grunnkrinsar endre
Balsfjord kommune er delt inn i tre statistiske delområde (innbyggartal 2013):
- Malangen (1323)
- Vestre Balsfjord (2480)
- Østre Balsfjord (1747)
- Bustad ikkje oppgitt (12)
Gardar endre
Innafor kvar av dei tre grunnkrinsane finn vi dei ulike matrikkelgardane (gnr.) i Balsfjord.[10]
- Malangen: Ursfjord, Hamnvåg, Nordfjord, Meistervik, Nordby, Søndre Malangsmarka, Nordre Malangsmarka, Sand, Bakkeby, Kvitnes, Malangseidet
- Vestre Balsfjord: Sandøyra, Tennes, Josefvatn, Sagelv, Storsteinnes sentrum, Bukta, Sjånes/Holmenes, Sagelvvatn, Takvatn, Strupen, Sørkjos, Markenes
- Østre Balsfjord: Tamokdal, Øvergård, Kjempedal, Bomstad, Nordkjosbotn syd, Nordkjosbotn nord, Seljelvnes, Lakselvdal, Slettmo, Laksvatn, Svarnes ytre, Selnes/Stornes, Loddbukt/Slettnes, Svarnes indre
Tettstader endre
Kommunen har to tettstader:
- Storsteinnes (1 100 innbyggjarar per 1. januar 2017) er kommunesenter med barne- og ungdomsskole.
- Nordkjosbotn (493 innbyggjarar per 1. januar 2017) er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skole.
Samferdsel og kommunikasjonar endre
Europavegar endre
E6 går gjennom kommunen. Frå Nordkjosbotn går E8 til Tromsø (73 km), han går òg austover mot Finland, med felles trasé med E6 frå Nordkjosbotn til Skibotn.
Riksvegar og fylkesvegar endre
Rv 87 går frå Øvergård på Balsfjordeidet gjennom Tamokdalen til Øverbygd og Rundhaug i Målselv kommune og endar i Brandmo-krysset i Bardu der han møter E6.
Fv 858 går frå E6 i krysset ved Tømmerelvbrua, gjennom Storsteinnes og Meistervik, langs Balsfjorden til nordenden av halvøya, og vidare til Balsnesodden før han går gjennom Ryatunnelen til Kvaløya i Tromsø kommune.
Fv 7892 går frå Oldervik langs Malangen og Straumsfjorden tilbake og møter Fv 858 på Balsnesodden på nordenden av Malangshalvøya.
Historie endre
I 1981 gav Balsfjord kommune ut første bind av bygdehistoria si for åra fram til 1830.[11]
I 1991 gav Balsfjord kommune ut andre bind av bygdehistorie si for åra 1830-1920.[12]
Språk endre
Samfunn endre
Politikk endre
Kommunestyreval endre
Ordførarar endre
2003-2011: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)
2011-2015: Ole-Johan Rødvei (Høgre)[13]
2015-2019: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)
Interkommunalt samarbeid endre
Balsfjord er saman med Tromsø og Karlsøy medlemmar i Tromsø-områdets regionråd.[14]
Utdanning, skolar endre
Balsfjord kommune har følgjande skolar:[15]
- Malangseidet skole (1.-7. klassesteg)
- Sand skole (1.-10.)
- Storsteinnes skole (1.-10.)
- Nordkjosbotn skole (1.-10.)
- Laksvatn oppvekstsenter (1.-10.)
I tillegg har kommunen også:[16]
- Hamnvåg montessori-skole[17]
Det er òg ein folkehøgskole i kommunen:
- Folkehøyskolen 69 grader nord[18]
Det er i tillegg ein vidaregåande skole i kommunen:
Helse og omsorg endre
Balsfjord kommune har ein godt utbygd pleie- og omsorgsteneste, med bl.a.
Religiøst liv endre
I 2018 var 82,4% av folket medlemmar i Den norske kyrkja, 5,1% var medlemmar i andre trus- og livssynssamfunn.[22]
Den norske kyrkja har fleire kyrkjebygg i Balsfjord:[23]
- Balsfjord kyrkje på Tennes, innvigd 19.10.1856
- Nordkjosbotn kyrkje
- Malangen kyrkje på Mortenhals, innvigd 31.08.1853
- Storsteinnes kapell
- Meistervik kapell (gamle Meistervik skole)
Balsfjord og Malangen menigheter har kontorstad på Storsteinnes.[24]
Politi, rettsvesen endre
Balsfjord er ein del av Troms politidistrikt, Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett.
Media endre
Dei viktigaste avisene i nærområdet er:
Næringsliv og sysselsetting endre
Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.
Kommunen seier det sjølv slik i "Strategisk næringsplan 2016-2025":[25]
- Landbruket representerer en viktig rolle for bosetting og tjenesteproduksjon i kommunen. Jordbruket alene gir en sysselsetting på om lag 230 årsverk og en verdiskapning på 61 mill. kroner i 2013. Ringvirkningene av landbruket er på ca. 150 avledede årsverk.
Sysselsettingstala for 2018 viser at dei viktigaste næringane var desse:[26]
Sekundærnæringar | 747 |
Varehandel, hotell og restaurant, samferdsel, finanstenester, forretningsmessig teneste, eigedom | 676 |
Helse- og sosialtenester | 661 |
Undervisning | 241 |
Jordbruk, skogbruk og fiske | 192 |
Off.adm., forsvar, sosialforsikring | 131 |
Personleg tenesteyting | 66 |
Kultur endre
Kulturhus og grendehus endre
Balsfjord folkebibliotek[27]
Lag og foreiningar[28] endre
- Malangsrevyen[29]
- Vollanrevyen[30]
- Malangskoret, stifta 1904[31]
- Balsfjord bygdekor, stifta 1973[32]
- Balsfjord musikkorps[33]
- Balsfjord historielag, stifta på 1970-talet[34]
- Balsfjord mållag, stifta 1977
Idrettslag endre
- Storsteinnes Idrettslag[35]
- Nordkjosbotn Idrettslag[36]
- Laksvatn Idrettslag[37]
- Malangshalvøya Ballklubb
Galleri endre
Fjæragalleriet[38]
Attraksjonar endre
Kulturminne endre
Riksantikvaren har eit oversyn over kulturminne i Balsfjord i databasen Kulturminnesøk.[39]
Museum endre
Balsfjord Fjordmuseum og Våtmarksenter på Storsteinnes er ein del av Midt-Troms Museum.[40]
Aursfjordsaga, som er den einaste bevarte oppgangsaga i Nord-Noreg, er òg ein del av Midt-Troms Museum.[41]
Natur endre
Din Tur har i samarbeid med Balsfjord og Omegn Turlag sørgd for merking av 36 vandreruter i kommunen.[42]
Kjente innbyggarar frå Balsfjord endre
- Kent-Are Antonsen (fødd 1995), fotballspelar, speler for Tromsø IL i Tippeligaen.
- Otto Bastiansen (1918-1995), professor i kjemi.
- Andreas Beck (1864-1914|) fangstmann, ishavsskipper, islos og reder. Han var islos på Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon.
- Anne Osvaldsdatter Bjørkli (fødd 26. januar 1951) forfattar, busett på Storsteinnes.
- Johannes Mathias Jensen Furø (1836-1899), husmann, fiskar og forfattar. Han brukte også etternamnet Spilderbugt.
- Lillemor von Hanno (1900-1984), skodespelar og forfattar.
- Sverre Heim (fødd 1951), prisbelønna kreftforskar og noregsmeister i sjakk.
- Kine Hellebust (f.1954 i Harstad) driv Fjæragalleriet i Malangen.
- Edvard Holm Johannesen (1844-1901), ishavsskipper og oppdagingsreisande.
- Gunda Pauline Johansen (fødd 2. mai 1952), lokalpolitikar (Ap), ordførar i Balsfjord kommune 2003-2011 og frå 2015.
- Arne Vidar Moen (fødd 1971), tidlegare fotballspelar.
- Kjell-Sverre Myrvoll (fødd 1981 i Aursfjord), lokalpolitikar (Senterpartiet), varaordførar i Balsfjord kommune 2007-2011.
- Morten Pedersen (fødd 1972), fotballtrenar og tidlegare fotballspelar.[43]
- Einar Johan Johansen Seljevold (1934-2016), journalist, frå 1969 til 1977 sjef for NRK Finnmark, og NRK-korrespondent i Moskva1977-1980.
- Alfred Jørgen Gjems Selmer (1893-1919), skodespelar.
- Tordis Gjems Selmer (1886-1964), songarinne.
- Asbjørn Sjøthun (1927-2010), politikar (Arbeidarpartiet), stortingsrepresentant for Troms 1969–1989.
- Henrik Larsen Skjæret (fødd i 1781 eller 1782, død 1855), bonde og tømmermann, blei 1. august 1814 vald som representant frå Finmarkens Amt (svarar i dag til Troms og Finnmark fylker).
- Helge Solvang (1913-2013), dekorert krigsveteran og politikar (Arbeidarpartiet), kjent som Noregs eldste folkevalte, møtte i Balsfjord kommunestyre som 100-åring.
- Trine Strand, artist, tekstforfattar og komponist.[44]
Fotnotar endre
- ↑ «Vassdalsfjellet 1587 moh - kugo.no», kugo.no (på norsk bokmål), 22. november 2010, henta 25. september 2023
- ↑ «Rostafjellet 1559 moh - kugo.no», kugo.no (på norsk bokmål), 19. september 2009, henta 25. september 2023
- ↑ «Lille Russetinden 1527 moh - kugo.no», kugo.no (på norsk bokmål), 25. juli 2010, henta 25. september 2023
- ↑ «Stedsnamn faktaark - for søk på stedsnavn og tilhørende fakta», stadnamn.kartverket.no, henta 25. september 2023
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 7,0 7,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Folkemengd i Balsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 9,0 9,1 Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Thorsnæs, Geir; Engerengen, Lars (22. august 2023). «Balsfjord». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Boka kan lesast her
- ↑ Boka kan lesast her
- ↑ [1] Arkivert 2020-11-27 ved Wayback Machine.
- ↑ [2]
- ↑ [3] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [4]
- ↑ [5]
- ↑ [6]
- ↑ [7]
- ↑ [8] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [9] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [10]
- ↑ [11] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [12] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [13] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine. (side 5)
- ↑ [14]
- ↑ [15] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [16] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [17]
- ↑ [18]
- ↑ [19]
- ↑ [20]
- ↑ [21] Arkivert 2017-09-12 ved Wayback Machine.
- ↑ [22]
- ↑ [23]
- ↑ [24]
- ↑ [25]
- ↑ [26]
- ↑ [27]
- ↑ [28]
- ↑ [29]
- ↑ [30] Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ [31]
- ↑ [32]