Sandnesgauk kan vera ei nemning på ein person som kjem frå Sandnes. Nemninga kjem frå ein type leirgauk som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Sandnesgauken er attgjeve i kommunevåpenet til Sandnes. Ved tettstaden og byen Sandnes har det opp gjennom tidene vore mykje tegl- og kjeramikkproduksjon frå leir. Leirgaukar vart laga som eit lite musikkinstrument slik at ein kunne blåsa i dei og få fram ulike tonar. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen. Slik kunne handelsfolk frå Sandnes få åtgaum for varene sine. Det første teglverket kom i Sandnes i 1783, og var då noko med den største industrielle verksemda på heile Vestlandet. Sjølv om keramikkverksemda ikkje pregar byen som før, er sandnesgauken eit varemerke for byen og kommunen.

Sandnesgauk i kommunevåpenet til Sandnes

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre