Sandnessjøen kyrkje

Sandnessjøen kyrkje er ei krosskyrkje i gotisk stil bygd i 1882 i Sandnessjøen sokn i Nord-Helgeland prosti.

Sandnessjøen kyrkje
Sandnessjøen kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Sandnessjøen
Fellesråd Alstahaug
Type krosskyrkje
Arkitekt A. Grenstad
Material tre
Innvigd 31. juli 1882
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 600
Kart
Sandnessjøen kyrkje
66°01′09″N 12°37′05″E / 66.0192°N 12.6181°E / 66.0192; 12.6181
Wikimedia Commons: Sandnessjøen kirke

Kyrkja skal vere bygd med 600 plassar, utan at det inneber at det med dagens krav til branntryggleik og komfort er plass til så mange menneske i kyrkja.[1] Kyrkja vart bygd under namnet Stamnes kyrkje. I Sandnessjøen kallar dei gjerne kyrkja for Helgelandsbrura.

Historie endre

 
Sandnessjøen med kyrkja på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Vefsn sokn vart utskilt frå Alstahaug ved kongeleg reskript 6.3.1767, vart det samstundes bestemt at Sandnes kapell, som var forfalle og uhøveleg for kyrkjelyden, skulle rivast, og i staden skulle dei byggje ei ny kyrkje på Stamnes og opprette eit Stamnes sokn med gardane Sund, Hellesvik, Fornes, Selvågan, Moen, Løkåsen, Simsøya, Tømmervik, Leland, Breiland, Nordnes, Tovåsen, Vatnet, Sommerset, Leira, Drogsåsen, Forsland, Forslandsdalen, Langforsen, Nyland, Valberg, Kvitingen, Tjærstad, Dagsvik, Ottingen, Laingen og Remnes.

11.12.1861 vart Stamnes gjort til hovudsokn i Alstahaug prestegjeld. 18.9.1914 vart Leirfjord skilt ut frå Stamnes sokn som eit eige Leirfjord sokn. Det er sidan gjort fleire endringar i soknegrensene. Frå 1.7. 1948 vart soknenavnet Stamnes endra til Sandnessjøen.

Ved kgl.res. 16.2.1881 vart det tillate å rive den gamle kyrkja på Stamnes og oppføre ei ny i staden.

Diverse endre

I 1993 var Sandnessjøen kyrkje motiv på eit frimerke (NK nr 1191).

Kjelder endre

  1. Kyrkjebyggdatabasen oppgir 380 plassar (lese på nett 8.mars 2013)

Bakgrunnsstoff endre