Opna hovudmenyen

Sandnessjøen lufthamn, Stokka er ei sivil, regional lufthamn i Alstahaug kommune i Nordland fylke.

Sandnessjøen lufthamn, Stokka
Sandnessjoen-lufthavn-wideroe-dash8-donnamannen.jpg
IATASSJ
ICAOENST
FlyplasstypeSivil
OperatørAvinor
TenerSandnessjøen
StadAlstahaug kommune i Nordland
Opna1968 Edit this on Wikidata
Høgd17 meter Edit this on Wikidata
Koordinatar65°57′24″N 12°28′8″E Edit this on Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/sansnessjoen-airport/ Edit this on Wikidata

Lufthamna ligg på Stokka, om lag 11,0 kilometer sørvest for Sandnessjøen, og er eigd og driven av Avinor AS. Flyselskapet Widerøe flyr til og frå Stokka med flytypen De Havilland Dash 8-103. I tillegg transporterer Luftambulansen trengjande til og frå regionen. Lufthamna vart opna i 1968.

Ved rullebanen på Stokka er det råd om å lande i to retningar. Ved RWY03 kan det landast frå sør-sørvest mot nord-nordaust, medan det ved RWY21 kan landast frå nord-nordaust mot sør-sørvest. Tala i RWY03 og RWY21 er tal som oppgjev den magnetiske retninga til banen på eit 360-graders kompass runda av til næraste 10 heile grader. Rullebanen er 1086 meter lang og 30 meter brei.[1] Hausten 2006 vart nye tryggingssoner rundt rullebanen ferdige.[2]

Flyselskap og destinasjonarEndra

InnlandEndra

Flyselskap Destinasjonar
  Noreg Widerøe[3] Bodø, Brønnøysund, Mo i Rana, Mosjøen, Oslo, Trondheim

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra