Brønnøysund lufthamn, Brønnøy
Brønnøysund lufthamn, Brønnøy ( IATA: BNN, ICAO: ENBN) er ei sivil, regional lufthamn i Brønnøy kommune i Nordland fylke. Lufthamna ligg om lag 2,0 kilometer søraust frå Brønnøysund, er eigd og driven av Avinor AS og vart opna 30. juni 1968.[1]
Brønnøysund lufthamn, Brønnøy | |||
| |||
IATA | BNN | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENBN | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Brønnøysund | ||
Stad | Brønnøy kommune i Nordland | ||
Opna | 1968 | ||
Høgd | 8 meter | ||
Koordinatar | 65°27′40″N 12°13′3″E | ||
Nettstad | http://www.avinor.no/en/airport/bronnoysund |
Flyplassen har asfaltert rullebane på 1200 meter. 26. mai 2008 vart det opna eit nytt terminalbygg på flyplassen. 10. mai 2010 opna Widerøe direkterute til Oslo lufthamn, Gardermoen, med fem vekentlege turar med Widerøe sine mellomstore Dash-8 (Dash 8-300) med 50 sete.[2]
Flyselskap og destinasjonar
endreInnland
endreFlyselskap | Destinasjonar | |
---|---|---|
Noreg | CHC Helikopter Service | Offshoretransport til Norne, Skarv og riggar på Nordlandskysten |
Noreg | Widerøe[3] | Bergen, Bodø, Mo i Rana, Oslo, Sandnessjøen, Trondheim |
Rullebane
endreRWY | TORA (M) | ASDA (M) | TODA (M) | LDA (M) |
---|---|---|---|---|
04 | 1199 | 1199 | 1199 | 1199 |
22 | 1199 | 1199 | 1560 | 1199 |
Det har opp gjennom åra vore snakk om ei forlenging av rullebana, og det var i si tid eit vedtak på ei utviding tel 2000 meter, noko som vart stoppa. Teamet er no brakt på bana igjen etter at ei gruppa sentrale lokale næringslivsfolk, saman med Olav Thon, har teke iniativ til forlenging. Dei har peikt på nødvendigheita av ein større flyplass for å kunna utnytte det store potensialet regionen har i reiselivssammenheng og at det øvrige næringslivet og folkestanden generelt og vil ha stor nytte av ein flyplass som kan betjene større fly.
Ulykker
endreFredag 6. mai 1988, like før klokken 21, under innflygninga i spesielt dårleg sikt til Brønnøysund lufthamn, styrta eit Widerøe-fly av typen dash 7 mot ein fjellvegg i Torghatten, som ligger ca. 10 km søraust for flyplassen. Alle 36 om bord omkom. i 2018, 30 år etter, vart det laga ein dokumentarfilm av ulykka.
Kjelder
endre«Brønnøysund lufthavn, Brønnøysund» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Brønnøysund lufthavn, Brønnøy» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- https://ais.avinor.no/no/AIP/View/33/aip/ad/enbn/EN_AD_2_ENBN_en.pdf
- ↑ Lufthavnens historie Arkivert 2012-01-25 ved Wayback Machine. avinor.no
- ↑ http://www.ba-avis.no/nyheter/article86312.ece[daud lenkje] [1][daud lenkje]
- ↑ WF.no: Rutekart
Bakgrunnsstoff
endre- Brønnøysund lufthamn, Brønnøy ved avinor.no