Opna hovudmenyen

Koordinatar: 68°57′11″N 16°39′30″E

Sandsøy kyrkje
kyrkje
Sandsøy Church 2011.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Trondenes
Sokn Vågsfjord
Fellesråd Harstad
Arkitekt Ole Scheistrøen
Material Tre
Innvigd 1888
Kyrkjegard Ja
Sitjeplassar 200
Wikimedia Commons: Sandsøy kirke

Sandsøy kyrkje ligg på Nordsand på Sandsøya i Harstad kommune i Troms. Kyrkja er ei langkyrkje i tre som vart bygd i 1888 og har 200 sitjeplassar. Arkitekt var Ole Scheistrøen.

Den førre kyrkja på Sandsøya vart bygd i 1765 og flytta til Bjarkøya i 1886. Noko av inventaret i den gamle kyrkja vart seinare gjeve attende til Sandsøya og er no plassert i dagens kyrkje.

Sandsøy har vore kirkestad i lang tid. Den tidlegaste kjelda til ei kyrkje på staden er frå omkring 1350, men det finst ei statue av Olav den heilage frå kyrkja som kan daterast til midten av 1200-talet. Muligens brann ei kyrkje på staden i 1633. Denne var opp mot femti år då ho brann. Alternativt vart ei gamal kyrkje på staden riven i 1640, og ei ny vart bygd i staden. Ein veit sikkert at ei kyrkje vart riven i 1765 og ei ny kyrkje stod ferdig i 1766. Denne kyrkja vart flytta til Bjarkøy i 1886. Dagens kyrkje vart so bygd i 1888. Alle desse kyrkjene har stått på same staden.

Frå 1731 til 1813 var Sand (Bjarkøy) eige prestegjeld. Før og etter dette låg det under Trondenes. Frå 1875 til 1885, då kyrkja vart flytta til Bjarkøy, var det òg eige prestegjeld. Prestegjeldet vart so lagt ned.[1]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  1. Sandsøy kirke – Kulturminnesøk, Riksantikvaren. Lest 11. september 2019