Sanking

Sanking er ein måte å skaffa seg noko ein treng frå naturen. I tidlegare tider var det ei viktig matkjelde.

Blåbærplukking i kajakk.

I skogenEndra

I skogen vert det sanka bær og sopp. I Noreg er blåbær og tyttebær dei viktigaste sortane. Tradisjonelt har det vore kvinnfolkarbeid å plukka bær. Sopp har ikkje vor så viktig i dei nordiske landa som lenger sør i Europa. I nokre land, som Italia, sankar ein òg trøfflar.

På fjelletEndra

På fjellet har det vore sanka molter, som i tidlegare tider var eit kjærkome tilskot ut på seinsumaren. Spesielt i Finnmark har molteplukking vore viktig.

I fjæraEndra

I fjæra har det vore sanka tang og tare, men òg skaldyr som østers og knivskjel. Sanking av skaldyr er framleis viktig i mange land, men i Europa har ein for det meste gått over til oppdrett av østers og andre typar skaldyr.

Sjå ògEndra