Petteri Orpo

finsk politikar

Antti Petteri Orpo (fødd 3. november 1969 i Kjulo i Satakunta) er ein finsk liberalkonservativ politikar. Han er partileiaren til Samlingspartiet, og har sidan 20. juni 2023 vore statsminister i Finland.[1][2]

Petteri Orpo

Fødd3. november 1969 (55 år)
Kjulo
Statsborgar avFinland
PartiSamlingspartiet i Finland
Yrkepolitikar
Utdanna vedÅbo universitet
EktefelleNiina Kanniainen-Orpo
FøregangarSanna Marin
Alle verv
  • medlem av Finlands riksdag (2007–)
  • Finlands jord- og skogsbruksminister (2014–2015)
  • Finlands innanriksminister (2015–2016)
  • Chairperson of the National Coalition Party (2016–)
  • Finlands finansminister (2016–2019)
  • kommunestyremedlem i Finland
  • kommunestyremedlem i Finland
  • Deputy Prime Minister of Finland (2017–2019)
  • medlem av Finlands riksdag
  • medlem av Finlands riksdag
  • medlem av Finlands riksdag (2019–)
  • Finlands statsminister (2023–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Antti Orpo er son av eit lærarpar, og gjekk på gymnas i Säkylä før han flytta til Åbo for å studera. Han tok del i studentorganisasjonar, etter kvart som funksjonær, og vart valt inn i stadsfullmäktige i Åbo i 1997 og landskapsfullmäktige i Egentliga Finland i 2005. Han tok magistereksamenen sin i samfunnsøkonomi og statsvitskap ved Åbo universitet i 2002, og var dinest spesialrådgjevar i Innanriksministeriet og assisterande partisekretær i Samlingspartiet. Han gifta seg i 2003 med juristen Niina Maria Kanniainen,[3] saman har dei to born.[4]

Riksdagsmedlem

endre

Orpo har vore vald til Riksdagen frå Egentliga Finland sidan 2007. Frå 2012 til 2014 leidde han riksdagsgruppa til Samlingspartiet. Orpo var jord- og skogbruksminister i regjeringa til Alexander Stubb frå 2014 til 2015, dinest innanriksminister i regjeringa til Juha Sipilä.[3] Juni 2016 tok Orpo over leiarvervet i Samlingpartiet etter Alexander Stubb, fylgjeleg tok han òg over posten til Stubb som finansminister og vart den fremste representanten til Samlingspartiet i Sipilä-regjeringa.[5][6] Orpo vann stor tillit for handteringa si av den europeiske migrasjonskrisa som innanriksminister.[7] Orpo sat som finansminister og avløysaren til statsministeren fram til Sipilä-regjeringa gjekk av i juni 2019.

Statsminister

endre

Den 2. april 2023 fekk Samlingspartiet – partiet til Orpo – flest røyster ved det finske valet.[8] Orpo leia regjeringsforhandlingane og fekk danna ei koalisjonsregjering sett saman av Sannfinlendarane, Svenska folkpartiet og Kristdemokraterna.[9] Regjeringa til Orpo vart godkjend av Den finske riksdagen den 20. juni 2023.[2]

Kjelder

endre
  1. «Riksdagen valde Petteri Orpo till statsminister» (på svensk). Eduskunta / Riksdagen. Henta 21. juni 2023. 
  2. 2,0 2,1 Essi Lehto & Terje Solsvik. «Finland's parliament backs Petteri Orpo as PM, replacing Sanna Marin» (på engelsk). Reuters. Henta 21. juni 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Petteri Orpo» (på svensk). Riksdagen. Henta 30. oktober 2016. 
  4. Petteri – Petteri Orpo (på engelsk), henta 6. april 2023 
  5. Koskinen, Eva-Maria (11. juni 2016). «Petteri Orpo är Samlingspartiets nya ordförande» (på svensk). Yle. Henta 30. oktober 2016. 
  6. «Stubb forlater Finlands regjering» (på norsk). finansavisen.no. 15. juni 2016. Henta 30. oktober 2016. 
  7. Rosendahl, Jussi (22. juni 2016). «Finland's Finance Minister Petteri Orpo» (på engelsk). Reuters. Henta 25. april 2020. 
  8. Fredrik Kampevoll; Joakim Reigstad & Helge Tvedten. «Han er Finlands nye statsminister» (på norsk bokmål). NRK. Henta 21. juni 2023. 
  9. «Finland's new government to take office on Tuesday as Marin term officially ends» (på engelsk). YLE. Henta 21. juni 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Petteri Orpo