Satengfuglfamilien
Satengfuglfamilien, Cnemophilidae, er ein ny biologisk familie av sporvefuglar med tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea. Dei var opphavleg tenkt å vere ein del av paradisfuglfamilien Paradisaeidae fram til genetisk forsking ymta om at fuglane ikkje er nært knytt til paradisfuglar i det heile og er kanskje nærare til bærfuglar.
Satengfuglfamilien | |
Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Cnemophiliodea |
Familie: | Satengfuglfamilien Cnemophilidae Mayr, 1862 |
Felles for alle tre artar av satengfuglar er at hannar er meir fargerike enn hoer, som er lite iaugefallande. Satengfuglar har svake føter, breie gap, og dessutan manglar dei beinstruktur i det nasale område. Alle artar av satengfuglar byggjer overbygde reir, i motsetnad til paradisfuglane. Hoa legg éitt egg og tek seg av det utan nokon assistanse frå hannfuglen. Satengfuglar lever utelukkande på frukt, sjølv i ung alder.
Cnemophilidae er akseptert av Clementslista[1] og av IOC World Bird List. [2]
Artslista
endreSatengfuglfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Slekt Cnemophilus
- Turkispannesatengfugl, Cnemophilus loriae, Loria's Satinbird, Salvadori, 1894, (LC)
- Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii, Crested Satinbird, De Vis, 1890, (LC)
Slekt Loboparadisea
- Gulbrystsatengfugl, Loboparadisea sericea, Yellow-breasted Satinbird, Rothschild, 1896, (NT)
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Cnemophilidae» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011
- Cracraft, J. & Feinstein, J. (2000): What is not a bird of paradise? Molecular and morphological evidence places Macgregoria in the Meliphagidae and the Cnemophilinae near the base of the corvoid tree. Proc. R. Soc. B 267: 233-241.
- Burnie, David (2007): Bird: The Definitive Visual Guide: Page 371. Dorling Kindersley. ISBN 978-0-7566-3153-6
Referansar
endre- ↑ Om oppretting av Cnemophilidae i oppdateringar til Clementslista desember 2008, under overskrifta Page 582, genera Cnemophilus and Loboparadisea
- ↑ Gill, F and D Donsker (Eds) (2014). «IOC World Bird Names (version 4.3)». Henta 18. oktober 2014.[daud lenkje]
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)