Opna hovudmenyen
Saved
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 23. juni 1980
Innspelt 11. til 15. februar 1980
Studio Muscle Shoals Sound Studio[1]
Sjanger Rock, gospel
Lengd 42:39
Selskap Columbia
Produsent Barry Beckett og Jerry Wexler
Bob Dylan-kronologi
Slow Train Coming
(1979)
Saved Shot of Love
(1981)


Saved er det 20. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records 23. juni 1980. Saved var det andre albumet til Dylan etter at han vart gjenfødd som kristen og vert rekna som ein oppfølgjar til Slow Train Coming frå 1979. Alle songane på albumet uttrykte sterk personleg tru og er kraftig påverka av gospel.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauC+[3]
Entertainment WeeklyC–[4]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
CCM Magazine[7]
The Rolling Stone Album Guide1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

I motsetnad til det førre albumet, avskreiv kritikarane Saved for dei dogmatiske songane og bombastiske arrangementa. Det nådde likevel tredjeplassen i Storbritannia, men nådde berre 24. plassen i USA. I Noreg nådde albumet femteplassen.

PlateomslagEndra

Omslaget til Saved var opphavleg eit måleri av Tony Wright av handa til Jesus som kjem ned og rører hendene til dei truande. Dette vart erstatta av eit måleri av Dylan på scenen, for å dempe det særs religiøse preget til det originale omslaget. Det har sidan blitt endra attende på nokre av utgjevingane.

Utgjeving og mottakingEndra

Albumet klatra til tredjeplassen i Storbritannia, men nådde berre 24. plassen i USA og selde ikkje til gullplate. I Noreg nådde albumet femteplassen. CCM Magazine skildra albumet som «ei open deklarering av den stadig djupare trua til Dylan.»[7] Albumet fekk blanda kritikk. Robert Christgau gav albumet ein «C+», og skildra det som «mest truleg eit mislukka eksperiment eller eit behageleg stykke rutinearbeid».[8] Kurt Loder skreiv for Rolling Stone og hylla bandet til Dylan, men meinte at fleire songane leid under dei religiøse meldingane. Han peikte ut «In the Garden» for sitt «deilige, bølgjande arrangement». Loder skreiv at forsøket til Dylan på eit gospelalbum ikkje var så merkverdig som andre «ikkje fordi han manglar den vokale reiskapen, men fordi han er for innovativ, for stor for sjangeren». Han oppsummerte Saved som eit gospelalbum med «nokre særpreg».[9]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, except where noted. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «A Satisfied Mind»  Red Hayes, Jack Rhodes 1:57
2. «Saved»  Tim Drummond, Bob Dylan 4:00
3. «Covenant Woman»    6:02
4. «What Can I Do for You?»    5:54
5. «Solid Rock»    3:55
Side to
# Tittel Lengd
1. «Pressing On»   5:11
2. «In the Garden»   5:58
3. «Saving Grace»   5:01
4. «Are You Ready»   4:41

MedverkandeEndra

Technical

KjelderEndra

  1. «Billboard Magazine» (PDF). Billboard. 2. februar 1980. s. 12. Henta 11. mars 2017. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. SavedAllmusic
  3. «Robert Christgau review». 
  4. «Entertainment Weekly review». EW.com. 
  5. Loder, Kurt (18. september 1980). «Rolling Stone : Bob Dylan: Saved : Music Reviews». web.archive.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2007. Henta 2. desember 2018. 
  6. «Bob Dylan: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 2. desember 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Reviews / Bob Dylan Saved». CCM Magazine 3 (1): 27. July 1980. 
  8. «Robert Christgau: CG: Bob Dylan». 
  9. «Saved». 

BakgrunnsstoffEndra