Skuggefugl

fugleart
(Omdirigert frå Scopus)
Skuggefugl
Skuggefugl, Scopus umbretta Foto: Derek Ramsey
Skuggefugl, Scopus umbretta
Foto: Derek Ramsey
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Scopidae
Slekt: Scopus
Art: Skuggefugl S. umbretta
Vitskapleg namn
Scopus umbretta

Skuggefugl, Scopus umbretta, er ein mellomstor storkefugl i Afrika og han er den einaste medlemmen av den biologiske familien Scopidae. Dette er ein fugl som vadar i våtmarkshabitat ved kyst, på savannar og i skog. Han blir ca. 56 cm lang og veg om lag 470 gram. Det tyske artnamnet 'hammerkopf', på engelsk òg 'hamerkop' skildrar forma på hovudet, eit lett bøygd nebb og ein bakovervendt fjørtopp gjer at omrisset av hovudet minner om ein hammar.

Skildring endre

Fjørdrakta er skittenbrun og kan ha innslag av lilla metallisk irisens på ryggen. Nebbet er langt, flatt og litt bøygd. Det liknar litt på nebbet til treskonebb og båtnebbhegre, truleg på grunn av konvergerande evolusjon. Nakken og beina er kortare enn hos dei fleste andre storkefuglar. Skuggefuglen har dels symjehud på føtene, halen er kort og vengene er store, breie og avrunda, dei gjev gode eigenskapar for å stige og glidefly. Når han glideflyg slik strekkjer han halsen ut som ein stork eller ibis, men når slår med vengene trekk han halsen inn mot ryggen som ein hegre.

Skuggefuglen lever sør om Sahara, på Madagaskar og sørvestlege kystområde av Arabia. Han kan vade på jordbruksland, inkludert rismarker, når menneske skaper nye vassområde med demningar og kanalar vil skuggefuglar ta seg fort inn. Dei fleste er standfuglar i parvise revir, men somme par lever i egna habitat berre i den våte sesongen.

Skuggefuglar beitar på dagtid med ein kvilepause rundt middag. Normalt beitar dei aleine eller i par. Dietten er typisk for storkefuglar som vadar, mest vektig er amfibium som er supplert med diett av fisk, krepsdyr, insekt og gnagarar. Dei går i grunt vatn på jakt etter bytte, dei kan skremme byttet fram frå skjul med å skrape botnen med beina eller med å slå hardt med vengene. Dei kan òg ta byttedyr i flukt.

Særskilt åtferd og forplanting endre

Skuggefuglen har åtferd som er unik blant fuglar. Eit døme er seremoniar der dei spring i sirklar rundt kvarandre, alle skrik høgt, hever brystet og slår med vengene. Ei anna særskilt oppvising er "falske paringar", der ein fugl står på ryggen av ein annan. Det kan sjå ut som innleiing til paring, men det er ikkje pardanning eller paring som går føre seg.

Den mest avvikande åtferda hos denne arten er det enorme hole, reiret han byggjer. Det er frå 1,5 meter og over i diameter og er bygd av kanskje 10 000 kvistar og det er sterkt nok til å bere vekta av eit menneske. Fuglane pyntar utsida av reiret med alt dei kan finne av lyst farga objekt. Om det er mogleg føretrekk dei reirplass i ei forgreining av eit tre, ofte over vatn, men om naudsynt kan dei byggje på ein elvebanke, eit berg, mot ein vegg, murvegg eller demning, eller direkte på bakken. Eit par startar med å lage ei plattform av kvistar som bindast saman av gjørme, så byggjer dei vegger og eit kuppelforma tak. Inngangen ligg nedst og er frå 13 til 18 cm brei, er pussa av gjørme og leier gjennom ein tunnel på opptil 60 cm i lengd inn til eit rom for hekking med plass for forelder og ungar.

Desse fuglane er notoriske reirbyggjarar som byggjer frå tre til fem reir per år uavhengig om dei treng reira til hekking eller ikkje. Tårnugler og hubroar kan tvinge ut skuggefuglen og ta over reiret deira, men når uglene har avslutta hekking, kan skuggefuglen ta det tilbake. Slangar, små pattedyr som genettar (snikkattar), og ulike andre fugleartar kan ta bustad i forlatne reir, og vevarfuglar og duer kan konstruere eigne reir på utsida av skuggefuglereir.

Når reiret er ferdigbygd gjev paret oppvisingar som liknar på seremoniane, og dei parar seg ofte på toppen av reiret. Det er tre til sju kvite egg i kullet. Begge kjønna rugar i 28 til 30 dagar. Begge fôrar ungane, men kan la ungane vere utan mat og tilsyn over lang tid. Dette er uvanleg for fuglar som vadar, men er mogleg for skuggefuglar fordi ungane er skydd av tjukke veggar i reiret. Ungane har grå dun ved klekking. Etter 17 dagar er fjørdrakta utvikla på hovudet, og etter ein månad er fjørdrakta på kroppen ferdig. Dei forlèt reiret etter 44 til 50 dagar, men overnattar i reiret i ca. to månader etter klekking.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skuggefugl
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Scopus umbretta


Kjelder endre