Jacky av Jacques Brel

song av Jacques Brel
La Chanson de Jacky
Song av Jacques Brel
frå albumet Ces Gens-Là
Utgjeve 1966
Innspelt 2. november 1965
Sjanger Chanson
Selskap Barclay
Komponist Gérard Jouannest
Låtskrivar(ar) Jacques Brel, Gérard Jouannest

«Jacky» (La chanson de Jacky) er ein song skriven av den belgiske songar-låtskrivaren Jacques Brel og Gérard Jouannest. Brel spelte inn songen den 2. november 1965 og gav han ut på albumet Ces Gens-Là i 1966. Songen vart omsett frå fransk til engelsk og kalla «Jackie».

Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, særleg i Europa. I USA vart songen populær då han vart nytta (som «Jackie») i off-Broadway-revyen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris, som opna den 22. januar 1968.

Scott Walker endre

Jackie
Singel av Scott Walker
frå albumet Scott 2
B-side

«The Plague»

Utgjeve 1967
Innspelt 1967
Sjanger Barokkpop
Lengd 3:24
Selskap Philips Records
Komponist Gérard Jouannest
Låtskrivar(ar) Jacques Brel, Gérard Jouannest, Mort Shuman
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi 
Jackie «Joanna»
(1968)


«Jackie» vart spelt inn og gjeven ut av den amerikanske songar-låtskrivaren Scott Walker som den første solosingelen hans i 1967. Walker spelte inn omsetjinga til Mort Shuman. Akkompagnementen vart dirigert av Wally Stott.

Singelen vart kontroversiell i Storbritannia på grunn av tekstlinjer som «authentic queers and phony virgins» og narkotikareferansar.[1] Songen vart bannlyst av BBC og ikkje spelt på TV eller radio. Songen vart framført på andre kanalar som Frankie Howerd-programmet Howerd's Hour, der Walker dansa komisk under framføringa.

«Jackie» vart ein moderat hit og låg ni veker på UK Singles Chart med 22. plass som høgste plassering i januar 1967.[2] Året etter vart han nytta som opningsspor på Walker-albumet Scott 2.

Singelen inneheld den einaste B-sida til Walker som ikkje finst på noko album. Akkompagnementet for «The Plague» vart dirigert av Peter Knight i eit uvanleg arrangement med gitar og kvinnelege koristar.

Innhald endre

Philips - BF 1628
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jackie»Jacques Brel, Gérard Jouannest, Mort Shuman3:24
2.«The Plague»S. Engel3:34

Andre innspelingar endre

I 1977 vart Jacky (kalla «Jackie») spelt inn av Peter Straker på albumet hans This One's On Me, som vart samprodusert i lag med den nære venen hans Freddie Mercury. Han har sidan spelt inn songen ein gong til i 2012 og for sceneshowet Brel.

I mai 1986 gav Momus it ein versjon av songen, kalla «Nicky» etter fornamnet til songaren, som tittelsporet på ein EP med tre songar av Brel.[3]

I 1991 spelte Marc Almond inn ein versjon av Brel-songen for albumet Tenement Symphony, og gav han ut som ein singel som nådde 17. plass i Storbritannia[4] og 14. plass i Irland.[5]

I 2012 samarbeidde Secret Chiefs og Mike Patton under namnet Traditionalists på ei innspeling av denne songen for etiketten Mimicry. [6]

Kjelder endre

  1. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 68. ISBN 0-85965-395-1. 
  2. «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 29. oktober 2013. 
  3. Momus: Discography
  4. «Chart Stats - Marc Almond - Jacky». chartstats.com. Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 1. mai 2014. 
  5. «The Irish Charts - All there is to know». © IRMA 2006 - 2008. Henta 1. mai 2014. 
  6. «Web of Mimicry».