Scytalopus
Scytalopus er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i tapakulofamilien. Ein kan finne desse tapakuloane i Sør-Amerika og Mellom-Amerika frå Tierra del Fuego i sør til Costa Rica i nord, men dei er fråverande i Amazonasbassenget. Dei lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda, spesielt i Andes. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte.
Scytalopus | |
Planaltotapakulo, Scytalopus pachecoi, Rio Grande do Sul, Brasil, januar 2011 Foto: Cláudio Dias Timm
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae |
Slekt: | Scytalopus Gould, 1837 |
Skildring
endreDette er korte, tettvaksne fuglar med stutte halar som ofte blir heldt oppreiste. Den totale kroppslengda varierer i området 10-14 cm avhengig av art. Fjørdrakta er gråsvart eller grå. Fleire artar har brun buk, undergump eller kroppssider, ofte med noko tverrstriping. Nokre har kvite kroner eller augebryn. Ungane av dei fleste artane er brunare og har striper på flankane. Mange artar er eigentleg umoglege å identifisere berre ut frå fjørdrakta, lætet er ofte særeige og viktig for å fastsetje arten.
Åtferd
endreFøda består hovudsakleg av insekt. Hekkeåtferda er dårleg kjent for dei fleste artane, men egga er som regel kvite, og reiret er vanlegvis ballforma og laga av plantematerialar som rotfibrar og mosar. Reiret er bygd i eit holrom i til dømes jordbankar, mellom røter eller i trebork.
Taksonomi
endreArtsgrensene innanfor denne slekta er blant dei mest komplekse innanfor neotropisk ornitologi. Dei er svært krevjande å observere, og identifisering ved hjelp av visuelle funksjonar er ofte umogleg. Informasjon om vokalisering og biokjemiske data er vanlegvis naudsynt for å avklare taksonomisk status for dei ulike bestandane. Fleire nye artar har blitt skildra i dei seinare åra, til dømes magdalenatapakulo Scytalopus rodriguezi og antioquiatapakulo Scytalopus stilesi i Colombia. Den taksonomiske statusen for mange av artane i Andes vart løyst av Krabbe & Schulenberg (1997) som delte opp ei rekkje artar og skildra tre nye. Den forvirrande situasjonen er kanskje best illustrert ved det faktumet at berre 10 artar var anerkjente i denne slekta i 1970 (Krabbe & Schulenberg, 2003), medan talet no er fire gonger så høgt eller meir. I tillegg er det kjente artar som framleis ikkje er skildra, medan andre artar som i dag er definerte faktisk kan omfatte fleire artar, til dømes kan den sørlege bestanden av storfottapakulo, Scytalopus macropus, representere ein ikkje-skildra art.
Artslista
endreScytalopus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Bektapakulo, Scytalopus latrans, Blackish Tapaculo, Hellmayr, 1924, (LC)
- Junintapakulo, Scytalopus gettyae, Junin Tapaculo, Hosner, Robbins, Valqui & Peterson, 2013, (NT)
- Gråtapakulo, Scytalopus unicolor, Unicolored Tapaculo, Salvin, 1895, (LC)
- Trilletapakulo, Scytalopus parvirostris, Trilling Tapaculo, Zimmer, 1939, (LC)
- Boanovatapakulo, Scytalopus gonzagai, Boa Nova Tapaculo, Maurício et al, 2014, (EN)
- Blytapakulo, Scytalopus speluncae, Mouse-colored Tapaculo, Ménétries, 1835, (LC)
- Bergtapakulo, Scytalopus petrophilus, Rock Tapaculo, Whitney, Vasconcelos, Silveira & Pacheco, 2010, (LC)
- Diamantinatapakulo, Scytalopus diamantinensis, Diamantina Tapaculo, Bornschein, Mauricio, Belmonte-Lopes, Mata & Bonatto, 2007, (EN)
- Planaltotapakulo, Scytalopus pachecoi, Planalto Tapaculo, Mauricio, 2005, (LC)
- Sumptapakulo, Scytalopus iraiensis, Marsh Tapaculo, Bornschein, Reinert & Pichorim, 1998, (EN)
- Storfottapakulo, Scytalopus macropus, Large-footed Tapaculo, von Berlepsch & Stolzmann, 1896, (LC)
- Santamartatapakulo, Scytalopus sanctaemartae, Santa Marta Tapaculo, Chapman, 1915, (LC)
- Langhaletapakulo, Scytalopus micropterus, Long-tailed Tapaculo, Sclater, 1858, (LC)
- Perutapakulo, Scytalopus femoralis, Rufous-vented Tapaculo, Tschudi, 1844, (LC)
- Kvitkronetapakulo, Scytalopus atratus, White-crowned Tapaculo, Hellmayr, 1922, (LC)
- Boliviatapakulo, Scytalopus bolivianus, Bolivian Tapaculo, Allen, JA, 1889, (LC)
- Tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis, Tacarcuna Tapaculo, Chapman, 1915, (VU)
- Chocotapakulo, Scytalopus chocoensis, Choco Tapaculo, Krabbe & Schulenberg, 1997, (LC)
- Magdalenatapakulo, Scytalopus rodriguezi, Magdalena Tapaculo, Krabbe, Salaman, Cortés, Quevedo, Ortega & Cadena, 2005, (EN)
- Antioquiatapakulo, Scytalopus stilesi, Stiles's Tapaculo, Cuervo, Cadena, Krabbe & Renjifo, 2005, (LC)
- Ecuadortapakulo, Scytalopus robbinsi, Ecuadorian Tapaculo, Krabbe & Schulenberg, 1997, (EN)
- Tatamatapakulo, Scytalopus alvarezlopezi, Tatama Tapaculo, Stiles, Laverde-R. & Cadena, 2017
- Nariñotapakulo, Scytalopus vicinior, Nariño Tapaculo, Zimmer, 1939, (LC)
- Brungumptapakulo, Scytalopus latebricola, Brown-rumped Tapaculo, Bangs, 1899, (LC)
- Perijatapakulo, Scytalopus perijanus, Perija Tapaculo, Avendaño et al, 2015, (VU)
- Meridatapakulo, Scytalopus meridanus, Merida Tapaculo, Hellmayr, 1922, (LC)
- Sølvbryntapakulo, Scytalopus argentifrons, Silvery-fronted Tapaculo, Ridgway, 1891, (LC)
- Caracastapakulo, Scytalopus caracae, Caracas Tapaculo, Hellmayr, 1922, (LC)
- Sottapakulo, Scytalopus spillmanni, Spillmann's Tapaculo, Stresemann, 1937, (LC)
- Bambustapakulo, Scytalopus parkeri, Chusquea Tapaculo, Krabbe & Schulenberg, 1997, (LC)
- Brasiliatapakulo, Scytalopus novacapitalis, Brasilia Tapaculo, Sick, 1958, (NT)
- Magellantapakulo, Scytalopus magellanicus, Magellanic Tapaculo, Gmelin, 1789, (LC)
- Matorraltapakulo, Scytalopus griseicollis, Pale-bellied Tapaculo, Lafresnaye, 1840, (LC)
- Neblinatapakulo, Scytalopus altirostris, Neblina Tapaculo, Zimmer, 1939, (LC)
- Ancashtapakulo, Scytalopus affinis, Ancash Tapaculo, Zimmer, 1939, (LC)
- Skifertapakulo, Scytalopus acutirostris, Tschudi's Tapaculo, Tschudi, 1844, (LC)
- Vilcabambatapakulo, Scytalopus urubambae, Vilcabamba Tapaculo, Zimmer, 1939, (LC)
- Punatapakulo, Scytalopus simonsi, Puna Tapaculo, Chubb, C, 1917, (LC)
- Tarijatapakulo, Scytalopus zimmeri, Zimmer's Tapaculo, Bond & Meyer de Schauensee, 1940, (LC)
- Kvitbryntapakulo, Scytalopus superciliaris, White-browed Tapaculo, Cabanis, 1883, (LC)
- Kokstapakulo, Scytalopus fuscus, Dusky Tapaculo, Gould, 1837, (LC)
- Paramillotapakulo, Scytalopus canus, Paramillo Tapaculo, Chapman, 1915, (EN)
- Paramotapakulo, Scytalopus opacus, Paramo Tapaculo, Zimmer, 1941, (LC)
- Diademtapakulo, Scytalopus schulenbergi, Diademed Tapaculo, Whitney, 1994, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scytalopus» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Donegan, Thomas & Avendano, Jorge E. (2008): Notes on Tapaculos (Passeriformes: Rhinocryptidae) of the Eastern Andes of Colombia and Venezuelan Andes, with a new subspecies of Scytalopus griseicollis from Colombia. Ornitologia Colombiana 6. 24-65 PDF fulltext
- Greeney, Harold F. & Gelis, Rudolphe A. (2005) The nest and nestlings of the Long-tailed Tapaculo (Scytalopus micropterus) in Ecuador, Ornitología Colombiana 3:88-91. Henta 22. februar 2013
- Maurício, Giovanni Nachtigall (2005) Taxonomy of new populations in the Scytalopus speluncae group, with description of a new species and remarks on the systematics and biogeography of the complex (Passeriformes: Rhinocryptidae), Ararajuba 13 (1):7-28. Henta 22. februar 2013
- Maurício, N. M, Matta, H., Bornschein, M. R., Cadena, C. D., Alvarenga, H., & Bonatto, S. L. (2008) Hidden generic diversity in Neotropical birds: Molecular and anatomical data support a new genus for the “Scytalopus” indigoticus species-group (Aves: Rhinocryptidae). Molecular Phylogenetics and Evolution. 49(1): 125-135.
Referansar
endre- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)