Secret Intelligence Service

Secret Intelligence Service (SIS), tradisjonelt kalla MI6,[1] er den sivile utanriksetterretninga i Storbritannia. Han har som oppgåve å innhente opplysingar av tyding for tryggleiken i Storbritannia i utlandet,[2] i motsetnad til MI5, som er ansvarleg for innanriksetterretning.

Secret Intelligence Service

Skipa1909
HovudkontorLondon, SIS-Bygningen
MottoSemper Occultus
Nettstadhttps://www.sis.gov.uk/ Sjå dette på Wikidata
Hovudbygninga til MI6, Vauxhall Cross ved Themsen.

Verksemda til SIS er svært hemmelig. Berre leiaren har ein offentleg kjend identitet.[2] Leiaren heitte i 2017 Alex Younger.[3]

Historie endre

MI6 vart etablert i 1909.[4] Nemninga MI6 stammar opphavleg frå Military Intelligence section 6, men organisasjonen er idag heilt sivil og underlagt Foreign and Commonwealth Office, som er det britiske Utanriksministeriet. SIS står under kontroll av Parlamentets sikkerhetskomité, og dei rettslege rammene for verksemda er regulert i Intelligence Services Act frå 1994.[2]

Tidlegare signerte alle direktørar for MI6 alle dokument med berre «C», etter MI6 sin fyrste sjef, Mansfield Smith-Cumming (C for Cumming). Dette fordi identiteten deira skulle vera løynd. Dette vart endra i 1950-åra.

MI6 hadde omkring 200 agentar i det okkuperte Norge under andre verdskrigen,[5] mellom andre Oluf Reed Olsen, Einar Johansen, brørne Snefjellå og Alfred Nilsen.

Kjelder endre

  1. SIS eller MI6?, arkivert frå originalen 12. januar 2012, henta 29. oktober 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Secret Intelligence Service». Store norske leksikon. 22. september 2014. 
  3. «The Chief» Arkivert 2012-01-12 ved Wayback Machine., Secret Intelligence Service. Lest 17. desember 2014.
  4. Historikk om SIS
  5. Isungset, Odd: Verkebyllen. Om menneskeskjebner og kald krig. Oslo: Tiden, 1995.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Secret Intelligence Service