Sefyros

Sefyros eller Zefyros (gresk Ζέφυρος, Zephyros, latin Zephyrus) var guddommen for vestavinden i gresk mytologi. Sefyros var son av Eos, gudinna for morgonrauden, og titanen Astraios.[1] Han var ein av dei fire vindgudane, anemoi, og brørne hans var Boreas, Notos og Euros. Den romerske tilsvarande guden var Favonius.[1]

Zephyr og Hyakinthos (ca. 490–480 f.Kr.)
Zephyr og Flora måla av William Adolphe Bouguereau i 1875.

I Iliaden er Sefyros far til Akhillevs sine udøyelege hestar.[1]

Sefyros har gjeve opphav til ordet sefyr, eit omgrep for vestavind og for lette klede.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Zephyrus». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sefyros