For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Vestavind (fleirtyding).

Vestavind er ein vind som kjem frå vest og blæs i ein austleg retning.

Vestavind-bris i Hafenbecken Schlüttsiel.

I middelhavsland er poniente namnet på ein vestavind, mistral ein kraftig nordvestleg vind og libeccio vestleg eller sørvestleg vind.

I kulturen endre

I europeisk tradisjon har vestavinden vanlegvis vore rekna som den mildaste og mest gunstige av dei retningsvindane.

I gresk mytologi var Sefyros personifikasjonen av vestavind, og den som førte med seg vår og tidlege sommarbrisar. Det romerske tilsvaret hans var Favonius.

I egyptisk mytologi er Hutchai guden for vestavinden. Han blei skildra som ein mann med hovudet til ein orm.

Geoffrey Chaucer skreiv om Zephyrus sin «swete breth», eller søte pust.

I irokesartradisjon blir vestavinden ført av Dajoji, eller Panteren, og er rekna som skremmande og valdsam.[1]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Converse, Harriet Maxwell (1908), Myths and legends of the New York state Iroquois, Cornell University Library, Albany, University of the State of New York, s. 36–39, henta 20. desember 2023