Seglstein

ballast i tradisjonelle båtar

Seglsteinar har vorte brukte til ballast ved segling av tradisjonelle bruksbåtarVestlandet og i Nord-Noreg.

Små seglsteinar i ein sunnmørsåttring vart haldne på plass av segltre

Steinane, på kring 10 kg, har vorte plukka i fjøra før seglasen starta. Runde fjøresteinar vil lettast rulle ut om båten kolvar. Då kan han flyte og vere til redning for mannskapet.

Ein må ha mykje stein i store båtar, særleg om der ikkje er annan last. Det har vorte rekna 1500-kg stein til ein middels fembøring. Ein ulast trøndersk lofotbåt kravde kring 3 tonn stein. Når båten hadde passeleg med seglstein, så dei gamle fiskarane at han hadde seglfeste.

På ein råseglbåt har seglsteinane til vanleg vorte plassert i romet bak masta.

På normørske geitbåtar og sunnmørske snedbetningar har roma der steinen er plasser vorte oppdelete, slik at steinane har vorte har vorte lagde ut i båtsida. Der ligg dei stødigare enn på tiljene, og det vert betre plass i båten. Under toftene i roma der steinen ligg vert det festa trebrett: unn-skolå (Nordmøre) og underskurdar (Sunnmøre). I desse er det hol der firkanta steintre (Nordmøre) eller runde segltre (Sunnmøre) vert tredd inn og held steinane på plass. Denne ordninga har gjort det lettare å flytte balaststeinane når båten krev det.

Kjelder endre

  • Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, side 139-140, Grøndal & søn forlag AS, 1987.
  • Asbjørn Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV,side 116, Grøndahl & søn AS, 1983.