Selena Quintanilla-Pérez
Selena Quintanilla-Pérez (16. april 1971–31. mars 1995), ofte berre omtalt som Selena, var ein amerikansk songar og låtskrivar av meksikansk opphav. Ho stod på Billboard si liste over dei fremste latino-songarane på 1990-talet og den mestseljande latinske artisten i same tiår. Fjorten av singelane hennar kom inn blant dei ti øvste (topp ti) på latino-songlistene, og sju av singelane tok førsteplassen. Selena vart myrda 31. mars 1995.
Selena Quintanilla-Pérez | |||
| |||
Fødd | 16. april 1971 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lake Jackson | ||
Død | 31. mars 1995 (23 år) | ||
Dødsstad | Corpus Christi | ||
Fødenamn | Selena Quintanilla | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1982–1995 | ||
Sjanger | pop, soul, Tejanomusikk, moderne R&B, latino-pop, rhythm and blues, Mariachi, Cumbia | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Q-Productions, EMI Latin, Capitol Records, EMI, Universal Music Latin Entertainment, SBK Records | ||
Verka som | songar, talsperson, skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, motedesigner | ||
Far | Abraham Quintanilla, Jr. | ||
Gift med | Chris Pérez | ||
Prisar | Grammy Award for Best Mexican/Mexican-American Album, Billboard Latin Music Hall of Fame, Billboard Latin Music Award for Hot Latin Songs Artist of the Year, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Liv
endreSelena vart kalla for «dronninga av tejanomusikken» og det meksikanske svaret på Madonna. Tejanomusikk blir i Noreg gjerne kalla for tex-mex-musikk.
Ho gav ut det første albumet sitt, Selena y Los Dinos, då ho var tolv år gammal. Både tilhengjarar av tejanomusikk og plateselskap stilte seg kritisk til henne fordi ho var kvinne i mannsdominert sjanger. På ein konsert vart ho til og med sparka av scena medan det vart kasta mat på henne. Ho måtte stadig vekk handtera motstand frå menn i bransjen og tradisjonelle barrierar i den latinske musikkverda. Ho vann tejanomusikkprisen som «Årets kvinneleg vokalist» i 1987, og fekk ei innspelingskontrakt med plateselskapet EMI nokre få år etter. Ryet hennar voks dei første åra av 1990-talet, særleg i dei spansktalande landa.
I 1990 selde Selena sitt album Ven Conmigo til gullplate, og med dette vart ho den første kvinnelege vokalisten som gav ut eit tejano-album som selde til gull. Oppfølgjaralbumet hennar Entre a Mi Mundo (1992), som inneheldt signatursongen hennar «Como La Flor», hjelpte henne til å bli kjend òg i Mexico. I 1993 vann ho sin første grammypris i kategorien «Beste meksikanske-amerikanske album» for Selena Live!. EMI Latin skreiv kontrakt med Selena for SBK Records, og planen var å gi ut eit «crossover»-album, slik at ho kunne tiltrekkja seg kjøparar som var tilhengjarar av andre sjangrar enn tejano. Medan førebuingane trekte ut, gav Selena ut albumet Amor Prohibido (1994), som vart nominert til ein grammypris. Dette albumet vart «det mestseljande latinske albumet nokosinne», og fekk ei dobbel platinumplate frå RIAA. På omtrent same tid bidrog ho til å byggja opp si eiga kleskjede og butikk-kjede kalla Selena Etc. Ho tilsette Yolanda Saldívar til å administrera kleskjeda, fordi ho sjølv hadde hendene fulle med å driva fanklubben som ho hadde oppretta.
Selena hadde ei mezzosopran-stemme som vart rosa av musikkritikarane. På scena brukte ho klede som i stor grad framheva dei kvinnelege formene hennar. Ho var ikkje redd for å skilja seg ut, og valde klede som ho sjølv likte. Tidleg på 1990-talet utvikla Selena ein stil som bestod av dekorative bustierar, tronge bukser og pene jakkar som hang opne under konsertane hennar. Ho var inspirert av Paula Abdul, Janet Jackson og Madonna. Ifølgje systera Suzette, designa og sydde Selena ofte sine eigne kostyme saman med designerane sine, gjerne backstage kort tid før ho skulle opptre.
Selena var 23 år gammal då ho vart drepen av sin eigen medarbeidar Yolanda Saldívar. Saldívar hadde då i lengre tid underslått pengar frå Selena sitt selskap, og på drapstidspunktet var underslaga i ferd med å bli oppdaga. Reaksjonane på Selenas død kan samanliknast med dei som kom då Elvis Presley og John Lennon døydde. Den 12. april 1995, to veker etter at ho døydde, erklærte den dåverande guvernøren i Texas, George W. Bush, fødselsdagen hennar som «Selenadagen» i Texas. Warner Bros. produserte i 1997 filmen Selena, ein biografisk film på livet hennar med Jennifer Lopez i hovudrolla. Familien til Selena og dei tidlegare banda hennar heldt ein konsert til minne om henne som vart sendt på fjernsynskanalen Univision. Konserten fekk tittelen Selena ¡VIVE! og fekk høge sjåartal, faktisk dei høgaste som ein spanskspråkleg fjernsynsspesial nokon gong har fått i USA.
I desember 1999 blei Selena kåra til «top Latin artist of the '90s» og «Best selling Latin artist of the decade» av Billboard for dei fjorten singelane sine på topp ti-lista Top Latin Songs, der sju av dei nådde fyrsteplassen.[1] Ho var den bestseljande kvinneleg latinosongaren på 1990-talet i USA og Mexico.[2] Selena blei kåra til «Best Female Vocalist of the '80s» og «Best Female Vocalist of the '90s"»ved Tejano Music Awards i 2010.[3]
Diskografi
endreTidlege utgivingar
endreÅr | Album |
---|---|
1984 | Mis Primeras Grabaciones |
1986 | Alpha |
1987 | And the Winner Is... |
1988 | Preciosa |
1988 | Dulce Amor |
EMI Music utgivingar
endreÅr | Gjenutgjeve | Album |
---|---|---|
1989 | 2002 | Selena |
1990 | 2002 | Ven Conmigo |
1992 | 2002 | Entre A Mi Mundo |
1993 | 2002 | Selena Live! |
1994 | 2002 | Amor Prohibido |
Kjelder
endre- ↑ Mayfield, Geoff (December 25, 1999). «Totally '90s: Diary of a Decade». Billboard 111 (52): YE–16–18. ISSN 0006-2510. Henta 30. mars 2010.
- ↑ «The American Dream». The Dominion Post. 29. januar 2001. Henta 26. mars 2015.
- ↑ «Tejano Music Awards Past Award Winners». TejanoMusicAwards.com. Arkivert frå originalen 15. august 2010. Henta 23. august 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Selena Quintanilla-Pérez» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2021.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Selena» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2021.
Litteratur
endre- Patoski, Joe Nick (1996). Selena: Como La Flor. Boston: Little Brown and Company. ISBN 0-316-69378-2.
- Peña, Manuel (1999). Música Tejana: The Cultural Economy of Artistic Transformation. Texas A&M University Press. ISBN 0890968888.
- Parédez, Deborah (2009). Selenidad: Selena, Latinos, and the Performance of Memory. Duke University Press. ISBN 0822390892.
- Miguel, Guadalupe San (2002). Tejano Proud: Tex-Mex Music in the Twentieth Century. Texas A&M University Press. ISBN 1585441880.
- Jasinski, Laurie E. (2012). Handbook of Texas Music. Texas A&M University Press. ISBN 0876112971.
- Sobek, Maria (2012). Celebrating Latino Folklore: An Encyclopedia of Cultural Traditions, Volume 1. ABC-CLIO. ISBN 031334339X.
- Miguel, Guadalupe San (2002). Tejano Proud: Tex-Mex Music in the Twentieth Century. Texas A&M University Press. ISBN 1585441880.
- Arrarás, María Celeste (1997). Selena's Secret: The Revealing Story Behind Her Tragic Death. Simon and Schuster. ISBN 0684831937.
- Pérez, Chris (2012). To Selena, with Love. Penguin Books. ISBN 1101580267.
- Novas, Himilce (1995). Remembering Selena. Turtleback Books. ISBN 0613926374.
- Jones, Steve (2000). Afterlife as Afterimage: Understanding Posthumous Fame. Peter Lang. ISBN 0820463655.
- Malone, Bill C. (2003). Southern Music/American Music. University Press of Kentucky. ISBN 0813126355.
- Ilan, Stavans (2014). Latin Music: Musicians, Genres, and Themes. ABC-CLIO. ISBN 0313343969.
- Stacy, Lee (2002). Mexico and the United States. Marshall Cavendish. ISBN 0761474021.
- Moreno, Michael P. (2010). Term Paper Resource Guide to Latino History. ABC-CLIO. ISBN 0313379327.
- Gutiérrez, José Angel (2003). Chicano Manual on How to Handle Gringos. Arte Publico Press. ISBN 1611920930.
- Tatum, Charles (2013). Encyclopedia of Latino Culture: From Calaveras to Quinceaneras. ABC-CLIO. ISBN 1440800995.
- Prampolini, Gaetano (2013). The Shade of the Saguaro / La sombra del saguaro. Essays on the Literary Cultures of the American Southwest. Firenze University Press. ISBN 886655393X.
- Pilchak, Angela M. (2005). Contemporary Musicians: Profiles of the People in Music. Cengage Gale. ISBN 0787680699.
- Foley, Neil (1997). Reflexiones 1997: New Directions in Mexican American Studies. University of Texas Press. ISBN 029272506X.
- Espinosa, Gastón (2009). Mexican American Religions: Spirituality, Activism, and Culture. Duke University Press. ISBN 0822388952.
- Vargas, Deborah (2012). Dissonant Divas in Chicana Music: The Limits of la Onda. University of Minnesota Press. ISBN 0816673160.
- Novas, Himilce (1995). Women and Migration in the U.S.-Mexico Borderlands: A Reader. Turtleback Books. ISBN 0613926374.
- Segura, Denise A. (2007). Remembering Selena. Duke University Press. ISBN 0822341182.
- Candelaria, Cordelia (2004). Encyclopedia of Latino Popular Culture, Volume 1. Greenwood Publishing Group. ISBN 031333210X.
- Garcia, Alma M. (2002). The Mexican Americans. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313314993.
- Mcdonald, Les (2010). The Day the Music Died. Xlibris Corporation. ISBN 1469113562.
- Jones, Veda Boyd (2013). Selena (They Died Too Young). Infobase Learning. ISBN 143814637X.
- Tracy, Kathleen (2008). Jennifer Lopez: A Biography. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313355150.
- Mitchell, Claudia (2007). Girl Culture: An Encyclopedia. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313084440.
- Caulfield, Carlota (2007). A Companion to US Latino Literatures. Boydell & Brewer Ltd. ISBN 185566139X.
- Sickels, Robert C. (2013). 100 Entertainers Who Changed America: An Encyclopedia of Pop Culture Luminaries. ABC-CLIO. ISBN 1598848313.
- Habell-Pallán, Michelle (2002). Latino/a Popular Culture. NYU Press. ISBN 0814737250.
- Clark, Walter Aaron (2013). From Tejano to Tango: Essays on Latin American Popular Music. Routledge. ISBN 1136536876.
- Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die: A Listener's Life List. Workman Publishing. ISBN 076113963X.
- Meier, Matt S. (2003). The Mexican American Experience: An Encyclopedia. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313316430.
- Tiscareño-Sato, Graciela (2011). Latinnovating: Green American Jobs and the Latinos Creating Them. Gracefully Global Group. ISBN 0983476004.
- Fregoso, Rosa Linda (2010). Lourdes Portillo: The Devil Never Sleeps and Other Films. University of Texas Press. ISBN 0292757921.
- Rebolledo, Tey Diana (2005). The Chronicles of Panchita Villa and Other Guerrilleras: Essays on Chicana/Latina Literature and Criticism. University of Texas Press. ISBN 0292709633.
- Morales, Ed (2003). The Latin Beat: The Rhythms And Roots Of Latin Music From Bossa Nova To Salsa And Beyond. Da Capo Press. ISBN 078673020X.