Opna hovudmenyen

Koordinatar: 66°19′30″N 14°10′13″E

Selfors kyrkje
Church of Selfors
Selfors church02.JPG
Bispedøme Tromsø stift
Sokn Den hellige ånds menighet
Stad
Selfors kirke, Skipper Nilsens gt 49
Material lettbetongsmur
Innvigd 1971
Altartavle måla av den Miss Everild Feeny frå Liverpool
Sitjeplassar 200
Diverse katolsk kyrkje utleigd for bruk i Nord-Rana sokn i Den norske kyrkja
Wikimedia Commons: Selfors kirke

Selfors kyrkje eller Vår Frelsers kirke er ei kyrkje bygd 1971 i Rana kommune i Nordland fylke. Kyrkja var først underlagt St. Eysteins menighet i Bodø. Den 5. oktober 2003 vart ho lagt under Den hellige ånds menighet i Mosjøen. Rana kyrkjeleg fellesråd har frå 1976 leigd kyrkja for gudstenester i Nord-Rana sokn om lag annankvar søndag.

ByggingaEndra

Kyrkja vart reist av katolske gjestearbeidarar som var i Rana i samanheng med bygginga av Norsk Jernverk. Siden 1976 er den også blitt tatt i bruk av Den norske kyrkja, og leigd ut til Nord-Rana kyrkjelyd. Det første utkastet til teikning av kyrkja forelå i 1965, og kjøpet av tomt og bygginga av kyrkja vart finansiert av omkring 18 000 store og små gåver. Kyrkja vart vigsla den 15. august 1971 av biskop Johannes Wember.

Kyrkja er mura av lettbetongstein og har om lag 200 plassar.

InventarEndra

AltarEndra

AltertavlaEndra

Altertavla er 9.25 meter brei og 3.65 meter høg og vart måla på mur av kunstnaren Miss Everild Feeny frå Liverpool i England i april 1971. Motivet er den gjenoppståtte Kristus, som strekkjer hendene sine mot himmelen i ei Y-form. Til venstre for Kristus har målaren framstilt dødsriket, til høgre dei tre kvinnene som besøker den tomme grava.

UtsmykkingEndra

På veggane i kyrkjeskipet heng bilete som illustrerer Jesu lidingssoge.

SkriftestolEndra

Vår frelsers kyrkje på Selfors er den einaste katolske kyrkja på Helgeland med tradisjonell skriftestol.