Seljevoll i Hyllestad

Seljevoll, tidlegare skrive Sellevoll og Seljevold, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 7.[2][3]

Seljevoll
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 7[2][3]

Geografi endre

Seljevoll ligg inst i Skifjorden. Garden grensar til Sandnes i sør, til Fjaler kommune i vest og nord og til Myklebust i aust.[3] Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.[4]

Historie endre

Garden skal ha vore i eiga til brukarane før han i 1618 vart kongegods. Sidan kom Seljevoll under Svanegodset før garden så var i eiga til lokale embetsmenn frå 1720-åra.[3] I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard.[5] Leiglendinge kjøpte seg ut i 1787 og 1793. I 1639 var garden vorten delt i to jamstore bruk.[3]

Namnet endre

Fyrstelekken i namnet kjem av treslaget selje og sistelekken «voll» tyder grasslette. I kjeldene er namnet skrive «Seleuold» (1603), «Selleuoldt» (1608), «Setteuold» (1667) og «Sællevold» (1723).[6]

Seljevoll er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet òg.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Seljevoll» i 2003.[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, men plar då skrivast «Sellevold».

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 23. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 23. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Sellevoll : Gnr. 7». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 54. ISBN 8299219817. 
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)».  Vitja 23. november 2010
  5. Rolf Fladeby og Liv Marthinsen, red. (1977). «Sunnfjord futedøme : Ascheuolds schibred : Øns sogen : Ødegaarde : Selleuold». Norsk lokalhistorisk institutt : Skattematrikkelen 1647 XII SOGN OG FJORDANE FYLKE. Universitetsforlaget. s. 156. 
  6. «Oluf Rygh: «Seljevold» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  7. «yr.no».  Vitja 22. november 2010

Vidare lesnad endre

Bakgrunnsstoff endre