Seljordsvatnet
(Omdirigert frå Seljordsvatn)
Seljordsvatnet er ein innsjø i Seljord kommune i Vestfold og Telemark. Seljordsvatnet er 16 km2 stort og 15 km langt, 1,8 km breitt og 145 meter djupt. Innsjøen er mest kjend for Seljordsormen. Dyret har i seinare tid vorte døypt Selma og er kjend frå skriftlege kjelder midt på 1700-talet. Ulike ekspedisjonar har fleire gonger besøkt innsjøen i eit forsøk på å bevise at ormen eksisterer. Fiskelivet i Seljordsvatnet er sik og aure.
Seljordsvatn | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommune | Seljord | ||
Høgd over havet | 115-116 moh. | ||
Lengd | 15 km | ||
Breidd | 1,8 km | ||
Areal | 16,49 km² | ||
Største djupn | 145 m | ||
Kystlengd1 | 48,98 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Seljordsvatn | |||
Wikimedia Commons: Seljordsvatn | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Det viktigaste tilløp er Vallaråi, og utløpet er via Bøelva til Norsjø.
