Seljordsvatnet er ein innsjø i Seljord kommune i Telemark. Seljordsvatnet er 16 km2 stort og 15 km langt, 1,8 km breitt og 145 meter djupt. Innsjøen er mest kjend for Seljordsormen. Dyret har i seinare tid vorte døypt Selma og er kjend frå skriftlege kjelder midt på 1700-talet. Ulike ekspedisjonar har fleire gonger besøkt innsjøen i eit forsøk på å bevise at ormen eksisterer. Fiskelivet i Seljordsvatnet er sik og aure.

Seljordsvatn
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Seljord
Høgd over havet 115-116 moh.
Lengd 15 km
Breidd 1,8 km
Areal 16,49 km²
Største djupn 145 m
Kystlengd1 48,98 km
Koordinatar 59°26′10″N 08°50′56″E / 59.43611°N 8.84889°E / 59.43611; 8.84889
Kart
Seljordsvatn
59°26′10″N 8°50′56″E / 59.43611111°N 8.84888889°E / 59.43611111; 8.84888889
Wikimedia Commons: Seljordsvatn
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Det viktigaste tilløp er Vallaråi, og utløpet er via Bøelva til Norsjø.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.