Senter for praktisk kunnskap
Senter for praktisk kunnskap (SPK) er eit tverrfagleg utdannings- og forskingssenter ved Nord universitet, administrativt lagt under Fakultet for lærarutdanning og kunst og kulturfag. Her driv ein med tverrfagleg forsking, undervising og ph.d.-rettleiing. Senteret vart skipa i 1997 ved det som då var Høgskulen i Bodø for å stimulera til forsking og kritisk refleksjon innan alle typar praksisar, særleg yrkes- og profesjonspraksisar. Senteret hadde eit hovudansvar for søknaden om og drifta av doktorgradsprogrammet Ph.d. i studium av profesjonspraksis frå akkrediteringa i 2009 fram til fusjonen i 2016 mellom Universitetet i Nordland, Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag til Nord universitet.
SPK har eit samansett forskingsmiljø som særleg studerer profesjonar, profesjonsutøving og profesjonskvalifisering.
Forskningsgrupper
endreForskarar ved Senter for profesjonsstudium er organisert i to forskingsgrupper:
- Den praktiske kunnskapens teori
- Borderologi
Forskingsgruppene har spesialisert seg på studium av praktisk kunnskap eller praxis og på kunnskapsutvikling i praksis der både etiske og kvalitative spørsmål i ulike typar praksisar står sentralt. Forskingsgruppa for borderologi studerer kunnskap i grenseland mellom praksisar og har eit samarbeid med Universitetet i Murmansk om master i borderologi, det å leva på grensene mellom to land. Prosjektet var opphavleg finansiert av Utanriksdepartementet.
Aktivitetar
endreSenter for praktisk kunnskap har ei rad prosjekt og aktivitetar, blant anna:
- Aktive deltakarar i Ph.d.-programmet studium profesjonspraksis og fleire ph.d.-emne.
- Master i praktisk kunnskap
- Kurs i generell vitskapsteori (vitskapsfilosofi), metodologi, profesjonsetikk og forskingsetikk
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Senter for praktisk kunnskap» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2021.
Referansar
endre- Halås, C. T., K. Steinsvik og I. G. Kymre, red. (2017). Humanistiske forskningstilnærminger til profesjonspraksis. Oslo, Gyldendal akademisk.
- McGuirk, J.N. og J. S. Methi, red. (2015). Praktisk kunnskap som profesjonsforskning. Antologi over yrkeserfaringen som utgangspunkt for forståelse av kunnskapsutvikling i praksis. Bergen, Fagbokforlaget.
Bakgrunnsstoff
endreSenter for praktisk kunnskap Arkivert 2021-01-24 ved Wayback Machine.