Serengeti (frå masaispråk Serengit, 'endelause sletter'[1]) er eit økosystem i Afrika. Det ligg nord i Tanzania og strekkjer seg til sørvestre Kenya mellom 1 og 3 sørleg breiddegrad og 34 og 36 austleg breiddegrad. Området dekkjer rundt 30 000 km² og omfattar verdsarvområdet Serengeti nasjonalpark og fleire jaktreservat. Naturreservatet Masai Mara grensar til Serengeti nasjonalpark i vest.

Landskap i Serengeti.
Serengeti-parken i Tanzania.

Serengeti omfattar fleire ulike habitat, som elve- og våtmarksområde, skogar og grassletter. Området huser rundt 70 større pattedyr og rundt 500 fugleartar. Den største trekket av landlevande pattedyr i verda føregår her.[2] Flokkar som kan omfatta over éin million gnuar, fleire tusen sebraer og gasellar i tillegg til rovpattedyr som løver, hyenar og sjakalar som følgjer dei gjer dette til ei spektakulær hending.

Kjelder endre

  1. Briggs, Phillip (2006), Northern Tanzania: The Bradt Safari Guide with Kilimanjaro and Zanzibar, Bradt Travel Guides, s. 198, ISBN 978-1-84162-146-3 ; Maa (Maasai) Dictionary, Darkwing.uoregon.edu, henta 23. oktober 2010 
  2. Partridge, Frank (20. mai 2006), «The fast show», The Independent (London), henta 14. mars 2007 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Serengeti

2°19′51″S 34°50′0″E / 2.33083°S 34.83333°E / -2.33083; 34.83333