Bestikk er små handreiskapar ein bruker til å flytta og handsama mat og drikke med under måltid. Typisk vestleg bestikk er kniv, skei og gaffel, som finst i mange ulike utformingar. I Asia er spisepinnar vanleg bestikk.

Ulikt bestikk i nebrytbart stivepolyestermateriale.

Materiale

endre

Bestikk blir laga i materiale som tre, plast og ikkje minst metall, der stål, tinn og jern er vanleg, medan edle metall som sølv og sjeldnare gull kan brukast av dei som har råd.

Ein bruker bestikk for å kunne dela opp mat i handterlege porsjonar og føra han til munnen utan å brenna seg eller bli skiten på hendene. Å kunne bruka rett bestikk på den rette måten blir også sett på som eit teikn på god danning.

  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.