Omajadekalifatet
Omajadane var eit arabisk dynasti som herska over store delar av den muslimske verda som kalifat frå 600- til 900-talet. Kalifane stamma frå ein familie som var fjernt i slekt med profeten Muhammed, og flytta hovudstaden sin frå den arabiske halvøya til Damaskus, og seinare til Córdoba i Spania. Dei stod for ei større utviding av arabarriket, særleg vestover, der dei nådde Spania. Omajadane blei seinare fortrengde av abbasidane.
بنو أمية Banu-Umeya Omajade-kalifatet | ||||
Rike | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Kart over Omajaderiket på sitt største, om lag 750. | ||||
Hovudstad | Damaskus (661-750) Córdoba (750-1031) | |||
Språk | Arabisk | |||
Religion | Islam | |||
Styreform | Monarki | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Oppretta | 661 | |||
- Opphøyrde | 1123 | |||
Valuta | Dinar |
Opphav
endreIfølgje tradisjonen var omajade-familien (òg kjent som Banu Abd-Shams) og den islamske profeten Muhammed nedstamma frå ein felles stamfar. Muhammed nedstamma frå Abd Munaf gjennom sonen hans Hashim, medan omajadane nedstamma frå Abd Munaf gjennom den andre sonen hans, Abd-Shams. Sonen hans var Umajja. Dei to familiane vert difor rekna å vere frå ulike klanar (dei av Hashim og Umayya) av same stamme (som av Quraish). Men sjiahistorikarar syner til at Umajja er ein adoptert son av Abd Shams, slik at dei ikkje har noko blodsband med Abd Manaf ibn Qusai. Umajja vart seinare forkasta som ein adelsfamilie[1]
Omajadane og hashimitane var rivalar. Rivaliseringa var forankra i den innleiande motstanden frå Abu Sufyan ibn Harb, barnebarnet til Umajja, mot Muhammad og islam. Abu Sufyan freista å utrydde tilhengarane av den nye religionen ved å føre ei rekkje felttog mot islam. Men etter kvart omfamna han islam saman med sonen sin (den framtidige kalifen Muawiyah I).
Dei fleste historikarar reknar kalif Muawiyah I (661-80) som den andre kalifen av Omajade-dynastiet. Han var den første til å hevde retten til omajadane til å styre på dynastiske prinsipp. Kalifen Uthman (644-56) nedstamma òg frå Umajja, og i løpet av si tid som kalif vart han kritisert for å plassere medlemmar av familien sin i høge politiske posisjonar. Sidan Uthman aldri fekk ein arving, kan han ikkje reknast som grunnleggjaren av det omajadiske dynastiet.
Kalifen Uthman vart myrda i 656. På dette tidspunktet var Ali, medlem av Hashim-klanen og syskenbarn av profeten Muhammed, vorte kalif. Han møtte snart sterk motstand frå fleire fraksjonar og flytta hovudstaden sin frå Medina til Kufa. Konfliktane, som varte frå 656 til 661, er kjende som «den første fitna». Ali vart først motarbeidd av ein allianse leidd av Aisha, enka til Muhammed, og av to sahabaane, Talhah og Al-Zubayr. Dei to sidene kjempa mot kvarandre i slaget ved Camel i 656, der Ali vann ein avgjerande siger.
Etter slaget ved Camel skulda Muawiyah, som var vorte guvernør av Syria, Ali for å ha gjeve vern til mordarane til Uthman og kravde at dei skulle utleverast. Muawiyah og Ali møttest i slaget ved Siffin i 657. Av årsaker som enno er uklare, vart kampen stoppa før det var nokon klår vinnar, og dei to partane vart samde om å mekle tvistane sine.
Etter kampen var ei stor gruppe av soldatane til Ali misnøgde med avgjersla til Ali om å sende tvisten til valdgift og forlét Ali. Denne gruppa vart kjend som kharijitane (dei som forlèt).
Kharijitane vart seinare nedkjempa av Ali i slaget om Naharwan. Sekta overlevde likevel nederlaget, og ein medlem stod bak mordet på Ali i år 661. Muawiyah reiste til Kufa der han overtalte ei rekkje av Ali sine støttespelarar til å velje han som kalif i staden for sonen til Ali, Hasan. Muawiyah flytta hovudstaden i kalifatet til Damaskus.
Omajade-historia til kalifatet
endreSufyanidar
endreDet personlege dynastiet til Muawiyah, sufyanidane (etterkomarar av Abu Sufyan), varte frå 661 til 684. Kaliftida til Muawiyah I var prega av intern ro og tryggleik og ytre ekspansjon. I kalifen Muawiyah si tid var det berre eitt stort opprør. Det vart leia av Hujr ibn Adi i Kufa. Hujr ibn Adi støtta etterkomarane til Ali som arvingar til kalifatet, men rørsla hans vart stoppa av guvernøren i Irak, Ziyad ibn Abi Sufyan.
Samstundes førte han krig mot Austromarriket. I løpet av kalifatet hans vart Rhodos og Kreta okkupert, og Konstantinopel vart angripe fleire gonger. Muawiyah ekspanderte òg i Nord-Afrika (grunnlaget for Kairouan) og i Sentral-Asia (erobringa av Kabul, Bukhara og Samarkand).
Genealogi Banu Umayyah
endreLeiarar
endrePolitisk
endre- Muawiyah I ibn Abi Sufyan, 661–680
- Yazid I ibn Muawiyah, 680–683
- Muawiyah II ibn Yazid, 683–684
- Marwan I ibn al-Ḥakam, 684–685
- Abd al-Malik ibn Marwan, 685–705
- al-Walid I ibn Abd al-Malik, 705–715
- Suleiman ibn Abd al-Malik, 715–717
- Umar ibn Abd al-Aziz, 717–720
- Yazid II ibn Abd al-Malik, 720–724
- Hisham ibn Abd al-Malik, 724–743
- al-Walid II ibn Yazid II, 743–744
- Yazid III ibn al-Walid, 744
- Ibrahim ibn al-Walid, 744
- Marwan II ibn Muhammad (herska frå Harran i Jazira) 744–750
Omajade-emirane av Córdoba
endre- Abd ar-Rahman I, 756–788
- Hisham I, 788–796
- al-Hakam I, 796–822
- Abd ar-Rahman II, 822–852
- Muhammad I av Córdoba, 852-886
- Al-Mundhir, 886 – 888
- Abdallah ibn Muhammad, 888–912
- Abd ar-Rahman III, 912–929
Omajade-Córdoba-kalifatet
endre- Abd ar-Rahman III, som kalif, 929–961
- Al-Hakam II, 961–976
- Hisham II, 976–1008
- Mohammed II, 1008–1009
- Suleiman, 1009–1010
- Hisham II, gjeninnsett, 1010–1012
- Suleiman, gjeninnsett, 1012–1017
- Abd ar-Rahman IV, 1021–1022
- Abd ar-Rahman V, 1022–1023
- Muhammad III, 1023–1024
- Hisham III, 1027–1031
Religiøse
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Omajadane» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Previté-Orton, C. W (1971). The Shorter Cambridge Medieval History. Cambridge: Cambridge University Press.
- ↑ «Muslim Congress». Henta 20. mai 2014.
- ↑ HODGSON, Marshall G.S.; THE VENTURE OF ISLAM, Iman dan Sejarah dalam Peradaban Dunia; Jilid Pertama: Masa Klasik Islam; Buku Pertama: Lahirnya Sebuah Tatanan Baru. Jakarta: PARAMADINA, 1999. ISBN 979-8321-32-4
«omayyadene» i Store norske leksikon, snl.no.