Shanhaiguan (Shanhai-passet) er eit av hovudpassa i Den kinesiske muren. Det ligg i dag i ein sektor av byen Qinhuangdao i Hebei-provinsen i Folkerepublikken Kina.

Shanhaiguan
pass
Land  Kina
Provins Hebei
Kommune Qinhuangdao
Del av Ming Great Wall, The Great Wall
Kart
Shanhaiguan
40°00′34″N 119°45′15″E / 40.009363888889°N 119.75414444444°E / 40.009363888889; 119.75414444444
Wikimedia Commons: Great Wall of China at Shanhaiguan

Det utgjer austenden av Den kinesiske muren frå Ming-dynastiet, og er eit populært turistmål. Shanhai-passet er om lag 300 km aust for Beijing.

Den kinesiske muren møter havet

Her var i lange tider i historia den kinesiske forsvarsgrensa mot stammene i Mandsjuria (som khitanarane, jursjenarane og mandsjuane).

Namnet «Shanhaiguan» (forenkla kinesisk 山海关, tradisjonell kinesisk 山海關, mandarin-pinyin Shānhǎi Guān, Wade–Giles Shan Hai Kuan, Jyutping: saan1 hoi2 gwaan1) tyder bokstaveleg 'fjell- og havpasset'.

Porten gjennom muren blir kalla 'Den første porten under himmelen'. Staden der muren når ned til Stillehavet (i Bohai-bukta) har fått tilnamnet 'Hovudet til den gamle draken'.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Shanhaiguan

40°00′33.71″N 119°45′14.92″E / 40.0093639°N 119.7541444°E / 40.0093639; 119.7541444