Bohai eller Bohaibukta[1] er den inste av buktene i Gulehavet og har kyst mot Kina i nord, vest og sør. Ho ligg søraust for Beijing, er 480 km lang og 29 km brei, og dekker eit område på rundt 823 000 km².

Bohai
bukt
Satellittbilde av Bohaibukta. (Kjelde: NASA)
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Gulehavet, Stillehavet
Kart
Bohai
38°42′N 119°54′E / 38.7°N 119.9°E / 38.7; 119.9
Kart som viser Bohai.
Kart som viser Bohai.
Kart som viser Bohai.
Wikimedia Commons: Bohai Sea

Bohai (kinesisk skrift 渤海, pinyin Bó Hǎi) tyder direkte omsett 'Bo-havet'

Fram til januar 1929 heitte bukta offisielt Chih-li-bukta. Chih-li (moderne transkripsjon Zhili) var eit tidlegare namn for provinsen Hebei. Eit anna tidlegare namn var Pechili-bukta.

På norsk er bukta også blitt kalla Pohaibukta etter ein tidlegare transkripsjon av Bohai.

Geografi

endre

Bukta grensar mot Liaodong-halvøya i nordaust og Shandonghalvøya i sør. Ho er delt inn i tre mindre bukter som heite Laizhou (i sør), Liaodong (i nord) og Bohai (i vest). Elvene Huang He, Liao He og Hai He renn ut i Bohai.

Bohai grensar til provinsane Shandong, Liaoning og Hebei, og til byen Tianjin som er ei eiga administrativ eining på provinsnivå. Blant hamnebyar ved Bohai kan ein nemna:

Bukta har nokre få øyar. Den viktigaste er Zhifu, som er del av byprefekturet Yantai i Shandong.

Det er funne olje og naturgass i bukta.

Samferdsel

endre
 
Togferja i Bohai.

Ei togferje som opna i 2007 kryssar den nordlege delen av bukta mellom Dalian og Yantai.

Kjelder

endre
  1. «Utanlandske stadnamn: A–Å», Språkrådet, henta 2. mars 2021 
«Bohaibukta» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bohai