Shaqlawa (kurdisk Şeqlawe, شەقڵاوە, arabisk شقلاوة) er ein historisk by i Erbil guvernement i Irakisk Kurdistan i Irak. Shaqlawa har kring 25 000 innbyggjarar og ligg 51 km nordaust for Erbil, ved foten av fjellet Safeen. Byen ligg mellom fjella Safeen og Sork, litt meir enn tusen meter over havet. Byen er hovudsakleg busett av kurdarar, med ein assyrisk minoritet.[2] Shaqlawa har mange fossar og eit frodig landskap.[3]

Shaqlawa
kurdisk شەقڵاوە
by
Sentrum
Land  Irak
Autonom region  Kurdistan[1]
Guvernement Arbil guvernement
Koordinatar 36°24′20″N 44°19′15″E
Folketal 27 500
Kart
Shaqlawa
36°23′47″ N 44°20′37″ E
Wikimedia Commons: Shaqlawa

Klima endre

Shaqlawa har eit middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og relativt kalde, våte vintrar. Temperaturane er ofte under null på vinteren. Det er heller ikkje uvanleg med snø. Sidan temperaturen her er noko lågare om sommaren enn mange andre stader i Irak, kjem det ofte tusenvis av turistar her frå dei varmare stadane i landet.

Klimadata for Shaqlawa
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 9.1 10.4 14.5 20.1 27.5 34.4 38.6 38.8 35.0 27.9 17.8 10.8 23,74
Normal min. temp. °C -0.4 0.4 4.1 8.8 14.4 19.7 23.6 23.3 18.9 13.1 6.6 1.4 −0,4
Nedbør (mm) 149 202 165 111 43 0 0 0 1 10 76 124
Kjelde: [4]

Kjelder endre

  1. «Kurdistan regionale styresmakt». KRG. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. januar 2020. 
  2. http://www.ishtartv.com/en/viewarticle,36256.html
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. oktober 2020, henta 5. januar 2020 
  4. «Climate statistics for Shaqlawa». Climate-Data. Henta 5. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shaqlawa