Erbil (sorani ھەولێر Hawler; arabisk أربيل Arbīl), òg skrive Arbil eller Irbil (gammalsyrisk ܐܪܒܝܠ Arbyl) er hovudstaden i Irakisk Kurdistan i Irak. Han ligg kring 350 km nord for Bagdad. Guvernementet har eit folketal på kring 1,6 millionar innbyggjarar (2011).[2]

Erbil
ھەولێر
by
Med klokka frå toppen: Sentrum, Mudhafaria-minareten, statue av Ibn al-Mustawfi og Erbil citadell
Land  Irak
Autonom region Mal:Flag
Guvernement Erbil guvernement
Del av Kurdistan i Irak
Høgd 390 moh.
Koordinatar 36°11′28″N 44°0′33″E
Areal 197 km²
Folketal 852 500  (2015)[1]
Tidssone GMT+3 (UTC+3)
Postnummer 44001
Retningsnummer 066
Kart
Arbil
36°11′28″ N 44°0′34″ E
Wikimedia Commons: Arbil
Nettstad: http://hawlergov.org/ku/index.php

Ein kan datere busetnader i Erbil attende til kanskje år 5000 fvt. og det er ein av dei eldste kontinuerleg busette områda i verda.[3] I hjartet av byen ligg Arbil citadell frå antikken. Byen vart først nemnt i historiske kjelder i Ur III-dynastiet i Sumer, då kong Shulgi nemnde byen Urbilum, som er det assyriske oldtidsnamnet på Arbil.[4][5]

Erbil vart ein viktig del av kongedømet Assyria frå minst 2000-talet fvt. til slutten av 600-talet fvt, og vart i assyriske kjelder til forskjellige tider kalla Urbilim, Arbela og Arba-ilu. Etter dette vart han ein del av den geopolitiske provinsen Assyria under forskjellige imperium, inkludert medearane, Akamenide-dynastiet (Akamenidsk Assyria), Det makedonske riket, selevkidane, Partia (Athura), Assyria i Romarriket og Sasanideriket (Assuristan), i tillegg til at han var hovudstaden i den ny-assyriske staten Adiabene mellom midten av 100-talet fvt. og tidleg på 100-talet evt. Etter den arabiske erobringa av Persia, vart Assyria som geopolitisk eining (då kjend som Assuristan/Athura) langsamt oppløyst, og i mellomalderen vart byen styrt av seldsjukkane og dei osmanske tyrkarane.[6]

Det arkeologiske museet i Erbil husar ei stor samling med før-islamske objekt (særskild sumerisk og assyrisk) og er sentrum for arkeologiske prosjekt i området. Byen vart utnemnt til arabisk turisthovudstad i 2014 av Det arabiske turistrådet.[7][8] I juli 2014 vart Erbil citadel registrert som verdsarvstad av UNESCO.

Byen er etnisk mangfaldig med kurdarar, assyrarar, arabarar, armenarar, tyrkarar, jesidiar, shabakiar og mandearar. Han er like religiøst mangfaldig med truande innan sunniislam, sufisme, sjiaislam, kristendom (hovudsakleg assyrarar og armenarar), jesidismen, jarsanisme, shabakisme og mandeisme.

Klima endre

Klimaet i Erbil er varmt middelhavsklima (Csa) i følgje Köppen si klimaklassifisering, med ekstremt varme somrar og kjølege, våte vintrar. Januar er den våtaste månaden.[9]

Vêrdata for Erbil
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 20 27 30 34 42 44 48 49 45 39 31 24 49
Gjennomsnittleg maks °C 12,4 14,2 18,1 24 31,5 38,1 42 41,9 37,9 30,7 21,2 14,4 27,2
Døgnmiddeltemperatur °C 7,4 8,9 12,4 17,5 24,1 29,7 33,4 33,1 29 22,6 15 9,1 20,2
Gjennomsnittleg min °C 2,4 3,6 6,7 11,1 16,7 21,4 24,9 24,4 20,1 14,5 8,9 3,9 13,2
Lågast målte °C −4 −6 −1 3 6 10 13 17 11 4 −2 −2 −6
Gjennomsnittleg nedbør mm 111 97 89 69 26 0 0 0 0 12 56 80 540
Gns. luftfukt (%) 74,5 70 65 58,5 41,5 28,5 25 27,5 30,5 43,5 60,5 75,5 50
Kjelde: Climate-Data.org,[9] My Forecast for records, fukt, snow and nedbør days[10]


Kjelder endre

  1. «Iraq». CITY POPULATION. Henta 5. januar 2020. 
  2. «Ministry of Planning». [daud lenkje]
  3. Novácek, Karel (2008). «Research of the Arbil Citadel, Iraq, First Season». Památky Archeologické (XCIX): 259–302. 
  4. Villard 2001
  5. Hamblin, William J. (2006). Warfare in the Ancient Near East to 1600 BC. Routledge. s. 111. ISBN 0-415-25589-9. 
  6. Georges Roux – Ancient Iraq
  7. Erbil named 2014 Arab Tourism Capital Arkivert 2015-07-08 ved Wayback Machine.. Henta 5. januar 2020
  8. «Erbil: kurdisk City, Arab Capital», Rudaw. Henta 5. januar 2020
  9. 9,0 9,1 «Climate: Arbil – Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 13. august 2013. 
  10. «Irbil, Iraq Climate». My Forecast. Henta 14. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Erbil frå Wikivoyage
  Commons har multimedium som gjeld: Arbil