She Came in Through the Bathroom Window

She Came In Through the Bathroom Window
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 25–30. juli 1969
EMI Studios, London
Sjanger Rock[1]
Lengd 1:57
Selskap Apple Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«She Came in Through the Bathroom Window» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av Paul McCartney, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

Handlinga i «She Came in Through the Bathroom Window» gjenspeglar ei verkeleg hending. Ein noko desperat tilhengjar som heitte Diane Ashley fann ein stige i hagen til Paul McCartney og nytta denne til å klatre opp til baderomsvindauget som var delvis opent.

Kvinna har kommentert at det var ho som klatra inn vindauget og at ho var overraske over å ha vorte temaet i ein Beatles-song og dermed nemnd på Wikipedia.

Den øvrige teksten hamdlar om ein fiktiv person og McCartney nemnte i ein dokumentar i 2002 at denne delen var inspirert av ein gong han sat bak i ein taxi i New York. Namnet på sjåføren, Quitts, kunne lesast på eit skilt og ved sidan av, Ex Police Department, og det inspirerte til strofa «And so I quit the Police Department og got myself a steady job...»

«She Came in Through the Bathroom Window» er ein kort song som glir rett over frå «Polythene Pam» som ein del av ein lengre medley. Etter sigande er det McCartney som spelar elektrisk gitar medan George Harrison spelar bass.

The Beatles gav songen til Joe Cocker, som gav ut sin eigen versjon i 1969, men etter Beatles originale versjon. Cocker-utgåva vart nytta på lydsporet til den mislukka filmen All This and World War II i 1976.

Medverkande endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Richie Unterberger. «She Came in Through the Bathroom Window - The Beatles - Listen, Appearances, Song Review - AllMusic». AllMusic.