Shenzhen
Andre namn Shēnzhèn
Det sentrale forretningsdistriktet i Shenzhen
Det sentrale forretningsdistriktet i Shenzhen
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Geografi
Flatevidd
 - By

2,050 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)

8,912,300
Koordinatar 22°33′″N 114°06′″EKoordinatar: 22°33′″N 114°06′″E
Høgd over havet 25 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 755
Bilnummer B
Heimeside: http://sz.gov.cn

Shenzhen er ein storby i den kinesiske provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Byen ligg på austbreidda av estuaret til Perlefloda, tett opp mot Hongkong. Eit overslag over folketalet innanfor bygrensene var 8,9 millionar i 2009.

I 2017 hadde Shenzhen eit estimert registrert folketal på 12 905 000.[1] Politi og styresmakter i byen estimerer at det verkelege folketalet er rundt 20 millionar, på grunn av store mengder kortvarig busette og uregistrerte innbyggjarar og andre tilreiste.[2][3]

Namnet «Shenzhen» med kinesiske skriftteikn.

HistorieEndra

Det har vore busetnad i området i 6000 år. Historia til Shenzhen kan delast inn i fire periodar:

  1. Baiyue-stammane (forhistorisk tid til 1573): Under Xia- og Shang-dynastia var Shenzhen ein tilhaldsstad for baiyue-stammane, som var sjøfarande folk. Dei som budde her var kalla nanyue, ei sørleg gruppe av hiyue-folket. Dei livnærte seg for det meste av fiske.
  2. Eige «fylke» (1573-1841): I 1573 vart det organisert eit fylke kalla Xinan i det området som i dag er Shenzhen og Hongkong. Dette var ein del av militærområdet Dongguan. Fylkeshovudstaden var i Nantou. Salt, te, krydder og ris vart berande for økonomien i fylket.
  3. Territorielle konsesjonar til Storbritannia (1842-1898): Nanjingtraktaten som vart påtvinga kinesarane av britane vart underteikna den 24. juli 1842. Traktaten legitimerte den britiske overtakinga av Hongkongøya sør i Xinan fylke. Den 11. januar 1890 vart også Kowloon-halvøya avstått til Storbritannia (Pekingkonvensjonen), og den 21. april 1898 vart Qing-dynastiet tvinga til å «leige ut» det såkalla New Territories til Storbritannia for ein periode på 99 år. Dette området kosta Xinan ytterlegare 1 055,61 km2 av totalt 3 076 km2. I 1913 fekk Xinan fylke det nye namnet Bao'an fylke, for å hindre forveksling med fylket Xin'an i provinsen Henan.
  4. Grunnlegginga av Shenzhen (1979). I mars 1979 vart Bao'an fylke omgjort til byen Shenzhen. I 1980 vart byen utpeika som ei «spesiell økonomisk sone», den første av desse i landet.[4]

StyresmakterEndra

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Wang Weizhong, og borgarmeisteren er Chen Rugui (2020).

KjelderEndra

  1. 2017年深圳经济有质量稳定发展 [In 2017, Shenzhen economy will have stable quality and development] (på kinesisk). Arkivert frå originalen 23 February 2018. Henta 23 February 2018. 
  2. Li, Zhu (李注). 深圳将提高户籍人口比例 今年有望新增38万_深圳新闻_南方网. sz.Southcn.com. Arkivert frå originalen 18 April 2017. Henta 18 April 2017. 
  3. 深圳大幅放宽落户政策 一年户籍人口增幅有望超过10%. finance.Sina.com.cn. Arkivert frå originalen 18 April 2017. Henta 18 April 2017. 
  4. Fish, Isaac Stone (25 September 2010). «A New Shenzhen». Newsweek. Arkivert frå originalen 29 April 2014. Henta 29 April 2014. Shenzhen grew over the past three decades by capitalizing on both its advantageous coastal location and proximity to Hong Kong and Taiwan (major sources of investment capital), but also on the huge Chinese government support that came with its designation as the first Special Economic Zone. 
  Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.