Perleelva, Perlefloda eller Zhujiang ( 珠江, pinyin: Zhū Jiāng, ev. Yue Jiang) er den tredje lengste elva i Kina når ein reknar med den lengste kjeldeelva, Xijiang. Ho er 2 197 km lang, einast Chang Jiang og Huang He er lengre. Ho har nest størst vassføring, Chang Jiang er mykje større. Perlefloda renn ut i Sørkinahavet mellom Hongkong og Macao.

Perlefloda
elv
Land  Kina,  Vietnam
Regionar Yunnan, Guizhou, Guangxi, Guangdong, Hong Kong, Macao, Cao Bằng, Lạng Sơn
Kart
Perlefloda
23°14′27″N 113°10′26″E / 23.240935°N 113.173838°E / 23.240935; 113.173838
Kart over Perlefloda med bielvar i Sør-Kina
Kart over Perlefloda med bielvar i Sør-Kina
Kart over Perlefloda med bielvar i Sør-Kina
Wikimedia Commons: Pearl River (China)

Namnet på elva er etter ei øy i elva, 'sjøperleøya' (Haizhu). I dag er denne øya del av elvebreidda sør for sentrum av storbyen Guangzhou, etter som elveløpet har flytta seg. Den øvste delen av elva vert ofte kalla Nanpan, med sideelvar frå nord, Beipan og deretter Hongshui He. Hongshui He har størst fallhøgde og dei største vasskraftverka.

Nær utløpet av Perlefloda renn tre store elvar; Xijiang, Bei Jiang og Dong Jiang ut i Perlefloda. Elva sitt nedslagsfelt omfattar det aller meste av provinsane Guangdong, Guangxi, Yunnan og Guizhou, og delar av Hunan og Jiangxi. Heile nedslagsfeltet er i kring 409 480 km².

Perleflodens nedre løp og delta er eit av dei mest dynamiske økonomiske områda i Kina. Her kom Folkerepublikken Kinas to første sær-økonomiske soner, byane Shenzhen og Zhuhai, Desse frisonene vart sidan utvida til andre millionbyar som Guangzhou, Foshan og Dongguan, og dei to tidlegare koloniane Hongkong og Macao. Seg i mellom dannar desse og andre store byar eit nesten samanhengande bymessig befolkningsbelte med svært fruktbart jordbruk og omfattande industri.

Vasskraft

endre

Mange store anlegg for utnytting av vasskraft har vorte bygt, særleg i sideelvane i vest og nord. Dei største kraftverka ligg heilt vest i vassdraget, i fjellområda rundt sideelva Hongshui He. Lengre nede i elveløpet er det bygt ein del pumpekraftverk.

Sideelvar

endre

Kjelder

endre