Shine a Light
Song av The Rolling Stones
frå albumet Exile on Main St.
Utgjeve 12. mai 1972
Innspelt Desember 1971
Sjanger Rock, gospel
Lengd 4:16
Selskap Rolling Stones Records
Tekstforfattar Mick Jagger
Låtskrivar(ar) Mick Jagger, Keith Richards
Produsent Jimmy Miller

«Shine a Light» er ein song av det britiske rockebandet The Rolling Stones på albumet Exile on Main St. frå 1972.

Songen er som vanleg tilskriven låtskrivarane Mick Jagger og Keith Richards, men var i hovudsak ein Jagger-komposisjon. Han starta på songen tidleg i 1968 då gitaristen Brian Jones framleis var medlem av Stones. Songen heitte opphavleg «Get A Line On You» og omhandla dei aukande narkotikaproblema til Jones. Ei tidleg innspeling av songen vart gjort under innspelinga av Beggars Banquet i mars 1968.

Etter Jones døydde i 1969 tok Jagger fram «Get A Line On You», skreiv han om og spelte han inn i juli 1970. Ei tredje innspeling av gjort i Olympic Sound Studios i London i desember 1971, som vart den endelege utgåva av songen, no med tittelen «Shine a Light». Denne utgåva hadde Jagger på vokal og produsenten Jimmy Miller på trommer i staden for Charlie Watts. Mick Taylor spelte elektrisk gitar, medan Bill Wyman kanskje spelte bass (begge har hevda dette og Taylor er nemnd på plateomslaget). Med på songen er òg koristane Clydie King, Joe Green, Venetta Field og Jesse Kirkland. Billy Preston speler både piano og orgel på innspelinga. Richards var ikkje med på songen.

Første gongen «Shine a Light» dukka opp på konsertane til the Stones var i 1995. Ei akustisk utgåve vart spelt inn og gjeven ut på konsertalbumet Stripped. The Stones har spelt songen òg på seinare turnear. Songen har gjeve namn til filmen Shine a Light av Martin Scorsese, som omhandlar turneen A Bigger Bang. Eit album med musikk frå filmen vart gjeven ut i 2008.

Kjelder endre