Stripped
Konsertalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 13. november 1995
Innspelt 3. mars til 26. juli 1995
Sjanger Rock, blues
Lengd 59:34
Selskap Virgin
Produsent Don Was og
The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi 
Voodoo Lounge
(1994)
Stripped The Rolling Stones Rock and Roll Circus
(1996)


Stripped er eit konsertalbum av The Rolling Stones som vart gjeven ut i 1995 under Voodoo Lounge-turneen deira. Albumet er ulikt dei tidlegare konsertlaubma deira sidan det inneheld ei blanding av intime klubb-innspelingar og direkte opptak frå studio av klassiske Rolling Stones-songar.

Studiodelen av plata vart spelt inn i to omgangar, frå 3. til 5. mars 1995 i Tokyo i Japan og 23. til 26 juli i Lisoba i Portugal, medan konsertopptaka er frå London, Paris og Amsterdam.

Som ein bonus på CD-utgåva hadde nokre versjonar av Stripped eit dataspor som berre var tilgjengeleg på ein datamaskin, der ein kan sjå bandet øve på «Tumbling Dice» og «Shattered», og ei alternativ utgåve av «Like a Rolling Stone», samt intervju med Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood.

Albumet kom ut i november 1995 som det andre albumet deira på Virgin Records. Albumet vart godt tekne imot og nådde niande plassen i både Storbritannia og USA. I Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista. Den første singelen frå albumet var ei utgåve av Bob Dylan-songen «Like a Rolling Stone», som nådde 12. plassen i Storbritannia. Oppfølgjaren var «Wild Horses» tidleg i 1996.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Street Fighting Man»3:41
2.«Like a Rolling Stone»5:39
3.«Not Fade Away» (Norman Petty/Charles Hardin)3:06
4.«Shine a Light»4:38
5.«The Spider and the Fly» (Nanker Phelge)3:29
6.«I'm Free»3:13
7.«Wild Horses»5:09
8.«Let It Bleed»4:15
9.«Dead Flowers»4:13
10.«Slipping Away»4:55
11.«Angie»3:29
12.«Love in Vain» (Robert Johnson)5:31
13.«Sweet Virginia»4:16
14.«Little Baby» (Willie Dixon)4:00

Medverkande endre

Kjelder endre


Føregangar
Arco
Arve Tellefsen
Toppen av VG-lista
The Rolling Stones

1 veke, veke 47, 1995
Etterfylgjar
Love Songs
Elton John